KORPSTREFF: Flåm Musikklag har for tradisjon å invitere til korpstreff i Flåm om hausten. Foto: Privat. 
KORPSTREFF: Flåm Musikklag har for tradisjon å invitere til korpstreff i Flåm om hausten. Foto: Privat. 

Heilaftan med korpsmusikk i Flåm

Korpsa på sørsida av Sognefjorden var samla til festkveld.

Flåm: Fire korps frå Årdal, Lærdal og Aurland var samla til heilaftan i Flåm før dei startar for fullt med julekonsertane. Det er Flåm Musikklag som har for tradisjon å invitere til eit slikt treff kvart år.

Dei som fann vegen til konserten, fekk høyre fire korps i storslag. Det vart spelt feiande marsjar, storbandgroove og vare viser.

Først ut var Øvre Årdal Janitsjarkorps. Deretter fulgte Lærdal Musikklag med eit par låtar før dei inviterte med Årdalstangen Musikklag på eit potpurri.

Artikkelen held fram under biletet.

– Me starta vårt konsertbidrag med marsjen «76 Trombones» – litt pussig sidan me ikkje har trombonar i korpset for tida. Så fulgte to kjende rolege låtar, «Hello» og «Den finast eg veit» før me avslutta med den rytmiske «Reet Petite», skriv Årdalstangen Musikklag på si heimeside.

Til slutt avslutta vertskapet Flåm Musikklag med fleire flotte melodiar. 

Som vanleg, vert festen alltid starta med god mat, som Musikkens Vener står for. 

– Me er mange som misunner like mykje som me unner Flåm Musikklag den hjelpa dei har i Musikkens Vener.

Det var ikkje berre korpsmusikk på programmet. Også Ketil Thorbjørnsen stakk hovudet innom med gitaren sin og bidrog med song og musikk. 

Til toppen