HANDBAK: 8 medaljar blei det denne gongen for Lærdal IL.
HANDBAK: 8 medaljar blei det denne gongen for Lærdal IL. (Foto: Privat)

Heile 8 NM medaljar tok dei med seg heim

Under NM i handbak blei det totalt 8 medaljar, to av dei gull, for Lærdølene. 

Lærdal: I fjor fekk dei fem medaljar, i år blei det heile åtte medaljar på Lærdal IL. 

Inger-Johanne Kaardal tok med seg éin medalje, Bård Grindheim to, mens ungguten Erik Trulssen vann heile fem medaljar.

– Det føles ganske bra å vere Norgesmeitar i Junior 18 år høgre arm for andre år på rad, seier Trulssen til Porten.no etter konkurransen.

Trulssen blei sjølv overraska over å få så gode resultat då han eigentleg er sterkare med høgre handa.

– Eg er høgrehendt og eigentleg forventa å vinne meir med den.

Handbak er ikkje den idretten dei flest held på med her i Noreg. Trulssen sjølv begynte i klubben etter 10. klasse etter å ha hatt ein lærar med denne interessen.

– Eg trena handbak éin til to gongar i veka i tillegg til generell trening. Det er ein god del teknikk og mykje fokus på håndledd. Styrke er for det meste full overkropp. Spesielt underarmen er viktig.

No blir det nordisk og eventuelt EM.

– Eg har ikkje bestemt meg endå om eg skal viss dei spør meg, men eg blir garantert med på EM og eventuelt VM i seinare tid.

Til toppen