UTBETRAST: Åtte entreprenørar har lyst å utbetra tørrmurar langs fylkesveg 55.
UTBETRAST: Åtte entreprenørar har lyst å utbetra tørrmurar langs fylkesveg 55. (Foto: Skjermdump / Google Maps)

Heile åtte entreprenørar vil utbetra tørrmurar langs fylkesveg 55

Over to millionar kroner skiller lågaste og høgaste bud.

Høyanger: I begynnelsen av juli lyste Vestland fylkeskommune ut ein kontrakt for å forsterka tørrmurar langs fylkesveg 55. Murane ligg på Ytre Nesse.

Det er ikkje store oppdraget, men mange vil vera med, skriv Veier24, som først omtalte saka.

Mellom anna skal nedre del av eksisterande tørrmur sikrast med sprøytebetong og stag. Staga skal forankrast i lausmassar. Deretter skal det byggast ein ny tørrmur i skråninga nedanfor eksisterande mur. På oversida av fylkesvegen skal eksisterande dreneringsgrøft forlengast.

Entreprenør Tilbudssum i kr. eks. mva.
Contexo 1.486.900
Mesta 1.590.849
Augestad Maskin 1.686.350
Fosse Maskin og Transport 1.718.695
Brødrene Flatebø 1.722.250
Magne Hafstad 1.823.435
Per A Øren Entreprenør 2.178.220
BMO Tunnelsikring 3.611.200

Tilboda skal kontrollreknast og evaluerast før noko er avgjort.

Til toppen