SPEKKA HELG: Fjordstien og Loftesnesbrui skal få si offisielle innviing 24. august. Same helga, fredag og laurdag, er det masse aktivitetar i bygda.
SPEKKA HELG: Fjordstien og Loftesnesbrui skal få si offisielle innviing 24. august. Same helga, fredag og laurdag, er det masse aktivitetar i bygda. (Montasje: Halvor Farsund Storvik/arkiv)

Heile bygda vil feira fjordstien og nyebrua – spekka aktivitetshelg i Sogndal

Tolv arrangement, minst, på to dagar er fasiten.

Sogndal: Fredag 24. august er det offisiell opning både av den nye Loftesnesbrui og utvidinga av fjordstien.

Men det er langt frå det einaste som skjer i Sogndal den helga. Opninga av dei to mykje omtala prosjekta blir «feira» to dagar til ende med ei lang liste aktivitetar.

– Dei fleste arrangementa hadde kome til å skje uansett. Me har berre teke ei rolle med å setta dei saman som ein heilskap, og presentera eit program, seier Martin Hammer, dagleg leiar for Fjellsportfestivalen.

  Foto: Halvor Farsund Storvik

Lang liste

Og litt av eit program har det blitt, sjekk berre her:

I tillegg til det som skal skje på dei to opningane i regi av Statens vegvesen og Sogndal kommune, blir det quiz og konsert på Meieriet, motbakkeløp til Nuken, klatrekonkurranse i Kvam, politiets dag på lensmannskontoret, brettpadling-konkurranse på fjorden, Dampskipkaia Open og sommarfest på Dampskipkaia, open dag hos Sogndal Fotball og trampolinekonkurranse i sentrumsparken.

– Det vart veldig mykje til slutt, både litt større og litt mindre, meir uhøgtidelege arrangement. Så dette trur eg blir bra, seier Hammer.

Dagleg leiar Hilde Østby i Sogndal Fotball nølte ikkje då dei var spurde om å stilla opp:

– Får vist fjorden og gamle Fjøra

– Bygda er alltid villig til å feira slike dagar og støtta opp slike prosjekt, så det var me sjølvsagt positive til, seier ho.

Østby meiner det er verd å feira både fjordstien og den nye Loftesnesbrua, som har blitt to nye symbol for bygda

– Den nye brua vil gjera det tryggare for mjuke trafikantar, medan fjordstien vil hjelpa folk til å komma ut i aktivitet, samstundes som me får vist fram fjorden og den gamle delen av Sogndalsfjøra betre enn tidlegare, seier ho.

Gunnar Solbakken i Statens vegvesen er glad for at bygda vil vera med og gjera stas på dei to prosjekta som no blir offisielt opna.

  Foto: Arkiv

– Det set me stor pris på, det trur eg òg Sogndal kommune gjer, seier han.

Løft for Sogndal

Då trafikken vart sett over på nyebrua i november i fjor vart det med ei avmålt markering. Denne gongen vart dei utfordra av kommunen, som hadde lyst til å gjera noko meir ut av det. 

– Så har dette berre balla på seg, og no ser me resultatet av det. Det er flott at me fekk til å opna både brua og fjordstien samstundes. Dei to heng på mange måtar i lag, seier han.

Òg han trur dei to prosjekta kan vera med å løfta Sogndal.

– Eg trur det har mykje å seia for bygdafolket generelt. Det er ein ny plass å møtast på, det er flotte aktivitetar for ungane, og ny tilgang til sjøen. Det er òg eit nytt tilbud og til turiststaden Sogndal, seier Solbakken.

Til toppen