NYTT TAP: Jotun/ÅTIL handballdamene gjekk på eit nytt, surt tap mot Dale på bortebane laurdag. Foto: Arkiv
NYTT TAP: Jotun/ÅTIL handballdamene gjekk på eit nytt, surt tap mot Dale på bortebane laurdag. Foto: Arkiv

- Heile kampen var ein katastrofe

Slik beskriv handballdamene sin trenar Olli Sveinsson Jotun/ÅTIL sitt tap laurdag på bortebane mot Dale.
 

Dale – Jotun/ÅTIL 40-13

Handballdamene frå Årdal gjekk på enda eit stort tap laurdag ettermiddag då dei møtte Dale på bortebane.

- Dei var overlegne motstandarar. Vi var ikkje til stade på bana. Det var einvegskøyring heile vegen. Reint spelemessig var det heilt på tryne, seier ein skuffa trenar.

Les også: Åsane-kampen utsett

Eit lyspunkt i den mørke tida

I løpet av kampen klarte Årdalsdamene å  setja 13 mål i nettet samanlikna med Dale sine 40 scoringar. Andrea Luggenes vart dagens toppscorar med fire mål.

- Henriette Forthun kunne ikkje spelt betre, seier Sveinsson om Jotun/ÅTIL sin målvakt.

Les også: – Må ta ein kamp av gongen

Sjølv om Dale sette mange av skota sine, meinar trenaren at differansen hadde vore endå større om Forthun ikkje hadde vokta målet til årdølene.

- Vi hadde tapt endå større hadde det ikkje vore for hennar kanonredningar, seier Sveinsson.

Sesongen har vore ein læreprosess

Kampen starta dårleg for handballdamene. Berre etter åtte minutt sto stillinga 6-0.

- Vi vart slått ut frå fyrste sekund. Stort sett kunne vi ha gjort alt betre, seier Sveinsson.

Les også: Handballdamene tapte igjen

Han forklarar at det var eit relativt ungt lag som stilte frå Jotun/ÅTIL si sida.

- Heile denne sesongen har vore ein kraftig læreprosess for dei unge jentene, seier han.

Jotun/ÅTIL har så langt tapt alle kampane sine utanom ein.

Les også: Etterlengta siger

Dale sette toppspelarar på bana

Handballdamene er på veg heimatt til Årdal når Porten.no ringer laurdag kveld.

Korleis er stemninga i bussen?

- Faktisk så er stemninga ganske bra. Ingen er knekt eller har hatt det dårleg etter kampen. Det er klart at vi er skuffa, vi kan betre enn dette, svarar Sveinsson.

I 3. divisjon kampen mot Dale skal motstandaren ha sett inn fleire spelarar som toppar 2. divisjonen og er på stø kurs mot fyrstedivisjonen.

Les også: Jotun/ÅTIL tapte, men kjensla er god etter kampen

- Eg syns faktisk det Dale driv med er merkelege greier. Heilt på tryne eigentleg. Det at dei leikar seg med oss på denne måten når ein ser kvaliteten på tre av spelarane på motstandarlaget. Dei kjempar om å komme seg til 1. divisjon - så vel trenarane å setje dei på bana mot eit så ung lag som Jotun/ÅTIL, forklarar Sveinsson.

Neste kamp er om ein månad mot Fyllingen 2. Fram til då skal damene trena mykje på basisferdigheiter.

Det er mange ting vi må bli betre på. I dag konkluderar eg med at jentene står heile kampen ut og konkurerrer gjennom heile kampen sjølv om motstanden er ganske stor, avsluttar Sveinsson.

Til toppen