Årdal: – Det er svart i heile bygda, fortalte Jørgen Luggenes, everksjef i Årdal Energi, då Porten.no ringte kvart over ni i kveld.
Då var han på veg til jobb for å oppdatera seg om straumstansen som råka heile Årdal. Teorien hans om at feilen ikkje var lokal, men låg i det overliggande nettet, viste seg å stemma:

Feil på ei kraftlinje i Luster førte til brotet
Feilen låg nemleg hos Statnett, men på det tidspunktet var det ikkje klart kvar og kor lenge det ville ta å fiksa han. Under ein time etter brotet, kom gladmeldinga.
– Ja, no er straumen tilbake att, kunne everkssjefen fortella, utan at han hadde noko meir informasjon om kva som hadde gått gale.
Rundt klokka 22.00 skriv Statnett på sine nettsider at ein feil på ein kraftleidning mellom Leirdøla og Fortun i Luster, førte til at delar av Indre Sogn vart utan straum. Dei veit førebels ikkje kva som var årsaka til feilen.
Folk me har snakka med seier straumen forsvann både i Øvre Årdal og på Årdalstangen. Ifølgje Sogn Avis skal òg Skjolden ha gått i svart. Det er førebels ukjent om fleire stader vart råka feilen på linjenettet.
Hydro slapp med skrekken
Straumstansen kunne ha blitt dramatisk for aluminiumsverket i bygda om brotet hadde blitt langvarig. I januar fjor var det enno meir kritisk, då forsvann straumen i tre-fire timar. Faren er nemleg at den flytande aluminiumen kan størkna i omnane, noko som i tilfelle ville ha vore krise. Den gongen vart skadane avgrensa.
Òg denne gangen ser Hydro ut til å ha sloppe med skrekken.

– Me er veldig letta, seier fabrikksjef Wenche Eldegard.
– Det er ikkje dramatisk for oss når straumen er ute berre rundt ein time, sjølv om det så klart ikkje er noko me ønskjer, seier ho.
– Kor raskt skjønte de at det kom til å ordna seg?
– Det visste me ikkje før straumen var tilbake, men me hadde kontakt med Statnett og me rekna med at dei skulle greia å fiksa det kjapt. Men som sagt, sikre var me ikkje før han faktisk var tilbake.