Årdal: I dag arrangerte Utladalen Naturhus den tradisjonelle haustmarknaden under Skåri.
Rigmor Solem seier til Porten.no at det var godt over 500 innom den tradisjonelle marknaden i år.
– Vi hadde overveldande besøk, og folk for høgt og lågt seier Solem.
Det var også litt solgløtt mellom regnet.
Marknaden har vore arrangert sidan 1996, og dei har mange faste utstillarar. Nokre er lokale, medan andre kjem frå grannekommunar.
Solheim seier at det var ein ny utstiller i år, som kom frå Valdres. Han hadde med seg mykje flotte tredreia ting.
Fortærte heil gris
Det var litt over klokka 05 i dag tildleg at Åsmund Nordgulen byrja grillinga av hovudretten. Grisen som kom frå Trøndelag var 24 kg.
Nordgulen seier til Porten.no at den vart servert med heimelaga marinade og lokale poteter. Heile grisen vart fortært.
– No er det berre småskrap att, legg Nordgulen til.
Vêret var litt avgjerande for valet av grisen og grillinga.
– Det var litt utrygt for regn, og då gjekk valet på vetlegrisen, avsluttar Nordgulen.
Dugnadshelg i Gravdalen
Haustmarknaden markerer sesongavslutninga. Heilt fri vert det likevel ikkje. Denne helga er det dugnad med vedhogst i Gravdalen, og i november skal det vera tilsvarande dugnad i Avdalen.
Solem seier at det er ein 10-12 oppe i Gravdalen no som driv med hogst.