KONGE: 2000 timar Per Huagen brukt på å få Kong Sverres Hus klart til sommarsesongen. No ønskjer han alle velkommen til Borgund, der han held til. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
KONGE: 2000 timar Per Huagen brukt på å få Kong Sverres Hus klart til sommarsesongen. No ønskjer han alle velkommen til Borgund, der han held til. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Heilt konge attraksjon er opna på Borgund

Denne veka opna Kong Sverres Hus på Borgund. 

Drøye 2000 timar har Per Haugen brukt dei siste par åra for å få Kong Sverres Hus ferdig til sommaren. Denne veka opna han dørene, men allereie for 40 år sidan fekk Haugen sitt første møte med Kongevegen.

Då var han med og rydda den historiske vegen, som i vinter vart fekk utdelt Vakre vegars pris. I 2004 mista han kona si, og nokre år seinare traff han ein ny kjæraste som førte han til Borgund i Lærdal.

– Eg byrja som tannlege i Øvre Årdal, og kvar dag køyrte eg forbi dette tomme huset og tenkte kor forferdeleg det var at det stod tomt og at ein måtte kunna bruka det til noko.

– Og så, eg trur det skjedde om natta, kom ideen, og om morgonen var eg fast bestemt. Det skulle eg gjera om til Kong Sverres Hus, seier Haugen.

Artikkelen held fram under biletet.

250 timar: Å skjera ut denne statuen tok 250 timar. 15. juni 2014 vart statuen avduka.
250 timar: Å skjera ut denne statuen tok 250 timar. 15. juni 2014 vart statuen avduka.

Mykje arbeid som ligg bak

Kong Sverre har sterk tilknytning til Lærdal og har vore her fleire gonger. Det gamle bankbygget vart kjøpt, og i januar i fjor starta arbeidet. I tillegg til at Haugen er ein nevenyttig kar som har skåre ut og laga til nærmast alt ein finn på plassen, har han også lest seg opp og skaffa seg all kunnskap som er om Kong Sverre.

Den 15. juni i fjor, nøyaktig 830 år etter at Kong Sverre blei einekonge i Noreg, vart statuen av han avduka. Det tok Haugen 250 timar å skjera statuen ut i tre.

EIGE HJØRNE: Svigerfar til Haugen, Ottar Sprakehaug, har eit eige hjørne i Kong Sverres Hus.
EIGE HJØRNE: Svigerfar til Haugen, Ottar Sprakehaug, har eit eige hjørne i Kong Sverres Hus.

– Eg er tannlege, så det ligg jo litt i meg. Eg er kreativ slik at eg ser løysingar med ein gong. Det er noko i meg som ser dette her, seier han og fortel om svigerfar Ottar Sprakehaug som ein stor inspirasjon. Han driv også med utskjeringar i tre.

Vil skape aktivitet i kommunen

På kveldstid har timane gått med til å lesa og arbeida med Kong Sverres Hus. Men kva får ein mann til å bruke så mykje tid på ein ting?

– Det er først og fremst at det er interesse for det. Og så ligg det i botnen eit ønske om å få Kongevegen til å bli noko stort, at folk kjem hit for å ha ein aktiv ferie. Difor er eg med i bedriftsnettverket knytta til Kongevegen, og så har me starta Vindehellas vener, seier han.

– Og så handlar det om å få aktivitet og skapa trivsel i kommunen. Eg har mange planar med skulen, som eg måtte utsetja litt. Kven skal ta vare på Kongevegen når me blir slakke i strikken? Det er den neste generasjonen, og då må me tidleg inn slik at dei får eigarskap til dette. Det har eg tru på.

Borgund-onsdagar

UTSTILLING: Dersom du besøker attraksjonen, får du blant anna sjå korleis dei kledde seg på den tida.
UTSTILLING: Dersom du besøker attraksjonen, får du blant anna sjå korleis dei kledde seg på den tida.

Kvar onsdag er det såkalla Borgund-onsdagar. Dette er eit samarbeid Haugen har saman med Borlo Bygdetun og Borgund stavkyrkje, der ein får omvisning på alle tre plassane og blir teken med ut på guida tur på Kongevegen. 

Tek du turen hit, blir du først møtt av ein svært entusiastisk og pratsam mann. Deretter får du sjå utskjeringar han har gjort, figurar som viser korleis dei gjekk kledd før i tida, lærdom om både Kong Sverre, løyntnant Jürgensen, som leiar atrbeidet med Kongevegen og ikkje minst kake og kaffi. 

No er nok den tyngste delen av jobben unnagjort, men framleis gjenstår det mykje. Haugen har blant anna eit teikne- og måleprosjekt han held på med. For han er huset også ein slags fristad, der han kan drive med desse tinga. 

Til toppen