APPLIKASJON: Gjennom Kongeveg-applikasjonen kan ein finne alt ein treng å vite om tilboda rundt og informasjon om den historiske ruta. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
APPLIKASJON: Gjennom Kongeveg-applikasjonen kan ein finne alt ein treng å vite om tilboda rundt og informasjon om den historiske ruta. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Heilt ny app skal syne fram Kongevegen

– Av alle prosjekt eg har vore borti, så er dette det viktigaste me har hatt i Lærdal.

Borlaug: Ordførar Jan Geir Solheim brukar store ord når han skildrar arbeidet som er gjort med Kongevegen dei siste åra. Vegen har blitt restaurert, han har fått pris for kor vakker han er, bedrifter har gått saman for å utvikle tilbod knytt til vegen, og skilting er på plass.

No er også den digitale delen med Kongevegen ferdigstilt. Det er i form av ein applikasjon, der ein får greie på det ein vil ha greie på før ein legg ut på tur, eller medan ein står midt på fjellet. Det er selskapet TurApp som har laga appen.

– Dette er eit verktøy for å visa fram eit område for å skapa begeistring. Det er mykje fokus på bilete. Med appen kan ein finne fram til opplevingar, historisk informasjon og tilboda til bedriftene. Her finn ein turist eller vandrar alt på ein stad, forklarar Dag Nordsveen i TurApp.

Artikkelen held fram under biletet.

LANSERING: Dag Nordsveen kunne stolt lansere appen «Outtt» internasjonalt.
LANSERING: Dag Nordsveen kunne stolt lansere appen «Outtt» internasjonalt.

Betyr mykje for bedriftene

Onsdag var aktørar frå begge sider av fylkesgrensa mellom Vang og Lærdal samla på Borlo Bygdetun for internasjonal lansering av appen. No er han også å finne på engelsk gjennom namnet «Outtt». 

– Folk spør om alt mogleg. Kor skal ein byrje på vegen? Kan eg sykla? Kva skotøy skal eg bruke? Då seier eg at dei kan gå inn på turappen og finne ut av det meste der. Der kan folk orientere seg om kva som finst av tilbod, seier Lisbeth Engebretsen.

Ho er prosjektleiar for bedriftsnettverket som har samla bedrifter i Lærdal og Vang til eit samarbeid for å bygge eit næringsliv rundt Kongevegen. Det er klart dette betyr mykje for bedriftene.

– Me merka det allereie i fjor. Sjølv om produktet ikkje var ferdig, så merka me at folk hadde funne fram gjennom appen. Me er i ei digital verd, og folk har lært seg å orientere seg på den måten, seier Katharina Sparstad, som er kulturminnekonsulent i Valdres Natur- og kulturpark.

Kan skape nye bedrifter

Med applikasjonen har bedriftene fått ein skikkeleg kickstart på årets sesong. I dag er det 15 bedrifter som er med i nettverket, men potensialet er absolutt til stades for at fleire kan melde seg på.

Artikkelen held fram under biletet.

MOBIL I HANDA: Dei fleste har mobilen i umiddelbar nærleik til alle døgnets tider. Med appen kan ein mellom anna dokumentere alt ein ser, slik Vang-ordførar Vidar Eltun gjer her.
MOBIL I HANDA: Dei fleste har mobilen i umiddelbar nærleik til alle døgnets tider. Med appen kan ein mellom anna dokumentere alt ein ser, slik Vang-ordførar Vidar Eltun gjer her.

– For oss som jobbar med næringsutvikling er det interessant om dette kan skapa nye bedrifter. Det er ikkje alle tilbod som er oppfylt i dag, så kanskje dette kan generere ny aktivitet, seier Arve Tokvam i Lærdal Næringsutvikling, som har bidrege med midlar i satsinga.

– Viktig prosjekt

Det er Statens vegvesen som har halde i Kongevegen og har investert mykje dei siste åra. 1. juli avsluttar dei prosjektet reint formelt, og det er allereie avklart at Lærdal og Vang kommune skal halde fram med vedlikehaldet på strekningane som ikkje er ein del av nasjonal verneplan. Det vert formalisert i august.

– Det har betydd mykje på mange nivå både med nettverk og politisk. Det er ein verdi i seg sjølv. For Vang sin del kan dette skape meir turisme om sommaren. Det er givande å vere med på dette, seier Vidar Eltun, ordførar i Vang og får støtte frå kollegaen i vest.

– Eg vart litt kritisert for at eg nytta gravemaskin på Kongevegen, men eg meiner det er rett å gjere vegen tilgjengeleg. Sykkel kan til dømes vera stort, og då må me leggja til rette for det. Eg er sikker på at av alle prosjekt eg har vore borti, er dette det viktigaste me har hatt i Lærdal, seier Solheim. 

– Det er vertd å merke seg at staten har vore med. Eg synest det er heilt fantastisk. I august skal me signere ein avtale med Vang som er forpliktande, og den avtalen betyr mykje for meg. 

Til toppen