KJEMPA: Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, kjempa for at den nye hovudvegen mellom aust og vest skal gå via riksveg 52 under vegmøte i Gol torsdag. Foto: Arkiv
KJEMPA: Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, kjempa for at den nye hovudvegen mellom aust og vest skal gå via riksveg 52 under vegmøte i Gol torsdag. Foto: Arkiv

Heilt ueinige om kvar hovudvegen mellom aust og vest skal gå

Torsdag argumenterte ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, for kvifor hovudvegen mellom aust og vest burde gå langs riksveg 52.

I går samlast over 90 stykkjer seg på vegmøte i Gol for å diskutere om kva som er den beste ruta mellom aust og vest i Norge.

- Vi er heilt ueinige og kjem aldri til å bli einige, seier Jan Geir Solheim til Porten.no torsdag etter møtet.

- Større behov for vintersikker veg

I fem timar gjekk praten mellom ordførarane i Lærdal og Gol, representantar frå Fylkeskommunen, Liv Signe Navarsete og Statens vegvesen om ny hovudveg.

- Det gjekk som forventa, men eg føler at vegvesenet er på vår sida og at vi kjem med dei beste argumenta, seier Solheim.

Les også: Han har størst grunn til å smila etter vegvalet

Dei to hovudalternativa som vart lagt fram var riksveg 52, som saman med E16 til Voss og riksveg 5 til Sogn og Fjordane og Møre, dekkjer heile Vestlandet. Det andre alternativet er riksveg 7 som også bli kalla for Hardangervidda-alternativet, som går rett mot Voss og Bergen.

- Det vart snakka mykje om reiselivet og tilkomsten inn til dei ulike områda. No er det ikkje ein gong slik at det er Hardanger og øvre Hallingdal som har all turismen. Vi har ein del turistar i Sogn og Fjordane også. Det dei spør om er heilt urimeleg, seier Solheim.

Lærdalsordføraren meiner at Hardanger og hallindølene får i pose og sekk om dei får dobbel-kommunikasjon med både hovudveg og jernbane. 

- Dei har allereie jernbane som tek både passasjerar og gods. Vi har eit større totalbehov for ein vintersikker veg enn det dei har, seier Solheim.

Skapar stort engasjement

Sjølv om dei ulike partane ikkje vart samde i løpet av dagen, forklarar Solheim at stemning trass alt var god.

- Stemninga var overraskande bra. Vi var mellom 80-90 personar frå heile hardangerregionen og frå Voss til Eidfjord, seier han.

Representantar frå fleire av kommunane som er involvert var til stades. Det var også fylkesordførar Jenny Følling (Sp) og fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes (Ap). Fleire frå næringslivet, reiselivet, lastebilforbundet og hotelleigarar kom med innspel under gruppemøta. 

- Vi klarar ikkje å overtyda øvre Hallingdal og Hardanger om å støtta oss, og dei klarar ikkje overtyda oss. Det betyr like mykje for dei som bur langs riksveg 7 å få ein veg som det betyr for oss, seier Solheim.

Samferdsel skapar ofte stort engasjement og i løpet av dagen fekk alle partane snakka fram sine vegprosjekt.

Høgast regional vekst

- Det kjem heilt klart fram at riksveg 52-alternativet som koplar seg heilt opp til Ålesund, har høgast regional vekst. Ein oppnår ikkje det same med å byggje ut Hardangervidda, seier Solheim.

I april skal det arrangerast eit nytt vegmøte der Statens vegvesen skal leggje fram sine synspunkt i saka.

- Det er uaktuelt å køyre heilt ned til Voss for oss som bur i Sogn og vidare til Oslo. Då vel heller folk på nordsida av Sognefjorden å køyre ein dårlegare veg, seier han.

Statens vegvesen skal lage ei utgreiing om kva alternativ dei meiner er best mellom aust og vest. Til slutt skal samferdselsminister, Ketil Solvik-Olsen, avgjere kvar hovudvegen skal gå.

- No har vi lagt fram argumenta og kjempa for kva vi meiner er naudsynte tiltak for å få vegen som vi meiner er den beste løysinga, seier Solheim.

Avgjersla om hovudveg vil bli teken i løpet av 2016.

Til toppen