GÅVMILD: Arne Glenn Flåten, politikar og næringsdrivande i Sogndal, er frustrert på vegner av dei tilsette i heimesjukepleien. No opnar han lommeboka for å betale parkeringsbøtene deira.
GÅVMILD: Arne Glenn Flåten, politikar og næringsdrivande i Sogndal, er frustrert på vegner av dei tilsette i heimesjukepleien. No opnar han lommeboka for å betale parkeringsbøtene deira.

Heimesjukepleiarar får bot på jobb – politikar vil betale frå eiga lomme

Heimesjukepleiarane i Sogndal må betale kommunen for parkeringsbøter dei får på jobb for kommunen. Politikar Arne Glenn Flåten (H) har ei generøs løysing på problemet.

Sogndal: – Det blir berre tull når heimehjelpa, i ein travel kvardag der ting gjerne hastar, må springe og putte pengar på parkometeret for å unngå bot, seier han.

Flåten har engasjert seg for at kommunen skal finne ei løysing på problemet som har frustrert dei tilsette i lengre tid

– Viss kommunen ikkje greier noko så enkelt som å løyse dette, så skal eg personleg betale alle parkeringsbøtene dei tilsette i heimehjelpa får heile neste år, vel og merke bøtene dei får i arbeidstida, seier Flåten.

– Kjempefrustrerande

Birte Husum, tillitsvald for heimesjukepleiarane i Sogndal, stadfester at bøter i arbeidstida har blitt eit problem. Dei tilsette er stort sett på farta og nyttar både privat og kommunal bil på jobb. Men bøtene må dei uansett betale frå eiga lomme, seier ho.

– Det er ikkje logisk at vi må betale bot når vi faktisk er på jobb for kommunen. Det er kjempefrustrerande, seier Husum.

Ho blir tatt litt på senga når ho får høyre at Flåten vil spandere bøtene det komande året. 

– Åj, det høyrtest flott ut! Men det er no uansett til kommunen og alle sitt beste at det blir rydda opp, seier Husum. 

Ikkje betalt = bot

Rådmann Jostein Aanestad seier dei har gitt parkeringsvaktene beskjed om å behandle alle likt. Viss nokon parkerer feil, eller unnlatar å betale, så skal det bli gitt bot. Han har ikkje høyrt om at tilsette får bøter når dei brukar kommunale bilar, men vil ikkje utelukke det heilt til han har fått sjekka det opp.

FORSTÅR, MEN...: Rådmann i Sogndal, Jostein Aanestad, forstår det kan vere frustrerande å få bøter, men meiner det burde vere ei overkommeleg oppgåve for heimesjukepleiarane å betale for seg.
FORSTÅR, MEN...: Rådmann i Sogndal, Jostein Aanestad, forstår det kan vere frustrerande å få bøter, men meiner det burde vere ei overkommeleg oppgåve for heimesjukepleiarane å betale for seg.

– Men brukar du din eigen bil i kommunal teneste, så får du dekka parkeringskostnadane. Viss du ikkje betaler for deg, så får du bot, seier Aanestad

– Men forstår du at heimesjukepleiarane opplever det som urettferdig at dei som tilsette i kommunen må betale bøter dei får på jobb for kommunen?

– Det er forferdeleg seigt og det går an å forstå at det er frustrerande. Men vi har etablert ei rekkje ordningar som skal gjere det så enkelt som mogleg å få betalt. Med EasyPark kan du få betalt parkeringa med eit par tastetrykk på mobilen. Det burde vere praktisk mogleg å gjere det, seier Aanestad.

Til toppen