Indre Sogn: Heimevernssoldatar over heile landet har fått melding om at dei kan bli kalla inn til oppdrag under koronakrisa.
I Sogn seier områdesjef Bård Flattun Lilleeng at dei kan mobilisera på kort varsel om det blir naudsynt.
– Heimevernet er klare når det trengst, seier han.
- Les óg: Flåm AS permitterer 96 tilsette
Ingen har bedt om bistand enno
Allereie har me sett døme på at soldatar frå heimevernet har blitt brukt til å kontrollera tilreisande på Oslo lufthamn. Lilleeng vil ikkje synsa om kor sannsynleg det er at styrkar i Sogn vil bli kalla inn, eller kva oppgåver dei kan bli sette til å løysa.
– Det veit me ikkje. Me står til disposisjon, så blir opp til sivilsamfunnet om dei vil be om bistand. Så langt er det ingen, seier Lilleeng.
Områdesjefen seier dei uansett vil unngå å kalla ut dei som er opptekne i samfunnskritiske posisjonar, i tillegg prøver dei å skaffa seg oversikt over kven som eventuelt er i heimekarantene eller sjuke.