Sogndal: I dag var den nye gang- og sykkelvegen mellom Fardal og Ylvisåker i Sogndal kommune opna.
– Eg tykkjer det er heilt supert. Eg kjem til å benytta meg av vegen, i allefall så lenge eg har denne rullatoren å gå med, seier Inge Pedersen, ein av mange som hadde funne vegen til opningsseremonien.
Kan ikkje lova pengar til forlenging med det første

Ordførar Jarle Aarvoll og regionvegssjef Helge Eidsnes var blant dei som heldt tale til dei frammøtte. Ungane frå Norane oppvekstsenter framførte to sangar, før snora vart klypt.
I talen sa ordføraren at han håpar gang- og sykkelvegen blir utvida i begge endar, både ut mot Sogndal og Leikanger.
Regionvegsjefen seier tryggleiken til mjuke trafikkantar er noko dei prioriterer, men kan ikkje seia når ordførar Aarvoll får ønskjet sitt oppfylt.
– Det er behov for det, men akkurat no ligg det ikkje inne meir midlar. Det er noko som må jobbast inn over tid, seier han.
– Har vore livsfarleg
Den nye gang- og sykkelvegen er èin kilometer lang, og har kosta 68 millionar kroner. Nærleiken til husa langs riksvegen har vore med å gjera prosjektet både kostbart og krevnade.
– Men for den oppvoksande generasjonen her i Fardal har dette vore viktig, seier Eidsnes.
Det er ingen tvil om at dette var ein stor dag for dei som bur her. Ingar Hagen var blant dei som hadde heist flagget til topps for å feira hendinga.
– Det har vore livsfarleg å gå langs vegen her, ikkje minst med barnevogn. Det er ikkje noko me har risikert. At me har fått ein slik ny veg trur eg alle set stor pris på, og eg er heilt sikker på at han blir mykje brukt, seier han.