KONSERT PÅ FJELLGARDEN: Turen går på ein fin stig som svingar seg opp til Eldegarden, og tek kring 45 minutt. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes
KONSERT PÅ FJELLGARDEN: Turen går på ein fin stig som svingar seg opp til Eldegarden, og tek kring 45 minutt. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes

Heisar på ny flagget for heiderskonsert

– Me fekk akkurat ny flaggstong, så laurdag heisar me flagget som ikkje har vore oppe sidan me flytta ut i 1964, seier Jorunn Eldegard, som er ein av arrangørane bak konserten på fjellgarden. 

Årdal: Med nymåla hus og fjøs, og ikkje minst ny flaggstong, er det klart for konsert på Eldegarden, der søskena Johanna, Sigurd og Brita Eldegard skal bli heidra. Dei spelte alle hardingfele, og kjem frå ein familie som har vore sentral i folkemusikkmiljøet i Årdal og i Sogn. 

– Vêret ser bra ut og me håpar det blir bra med folk, seier Jorunn Eldegard, som saman med mora Marta og fem søstrer opnar opp dørene på Eldegarden laurdag.

INVITERER FOLK TIL FJELLS: Søstrene Gunvor (f.v) og Jorunn Eldegard. Arkiv
INVITERER FOLK TIL FJELLS: Søstrene Gunvor (f.v) og Jorunn Eldegard. Arkiv

Folkemusikk til fjells

Då Sigurd Eldegard tok over Eldegarden i starten av 1920-åra var den både utan veg, straum og vatn. Han begynte tidleg å spele hardingfele, og er rekna som ein dei fremste spelemennene i Sogn i første halvdel av 1900-talet. Men også søstrene Johanna og Brita visste korleis å bruke fela. 

Folkemusikaren Synnøve S. Bjørset frå Jølster, skal laurdag spela melodiar av både Johanna, Sigurd og Brita Eldegard, saman med Gamlebanken Spelemannslag.

I tillegg deltek både Håkon Høgmo, Svein Nesje (son av Brita), Leif Rygg og Halgrim Skjerdal med fleire på konserten som starta klokka to.  

Fleire generasjonar spelemenn

– Dei siste åra har me annakvart år arrangert slike dagar. Det var Sigurd Eldegard (1866-1950) som var heidra sist. Han skreiv mellom anna det første nynorske stykket som var oppført på Nationaltheateret, fortel Jorunn.

Det nasjonalromantiske stykket "Fossegrimen", hadde over hundre framsyninga i Nationaltheateret. Sigurd Eldegard var i tillegg skodespelar, dramatikar og spelemann. 

Tidlegare i år valde ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid, saman med ein gjeng å gå turen til Eldegard, då ordføraren hadde fått i oppdrag å staka ut kursen for friluftlivets år i kommunen.

Les også: – Eg merka at det er ei stund sidan sist

Om du er usikker på vegen, gjekk Helgaturen av Jonny Asperheim forbi Eldegarden tidlegare i sommar, då han tok oss med på Eldegardsrunden. 

Les også: Helgaturen: Eldegardsrunden

Til toppen