VANSKELEG Å SJÅ: Ungar og syklistar generelt kan vere vanskeleg å sjå bak ein tett sommarhekk. Difor ber Vegvesenet folk om å klippe hekken sin. Foto: Knut Opeide/Statens vegvesen.
VANSKELEG Å SJÅ: Ungar og syklistar generelt kan vere vanskeleg å sjå bak ein tett sommarhekk. Difor ber Vegvesenet folk om å klippe hekken sin. Foto: Knut Opeide/Statens vegvesen.

Hekkesaksa kan redde liv

Tre av ti dødsulykker på sykkel skuldast dårleg sikt, og ofte er det hekkar og busker som hindrar sikta.

Indre Sogn: Statens vegvesen oppfordrar difor alle med hekkar tett inntil veg om å klippe denne, spesielt no som det er skulestart og mange ungar nyttar sykkelen på veg til skulen.

– No før skulestart er det spesielt viktig å sørgja for god sikt. Noko så enkelt som å klippe hekken kan forhindra ulykker og redda liv, seier Signe Gunn Myre i Vegvesenet.

I gjennomsnitt mistar ein syklist i livet i trafikken i månaden. Det er spesielt når bilisten ikkje ser syklisten det går skikkeleg gale.

Dersom du bur slik til at har avkøyrsel til veg eller gang- og sykkelveg, eller inntil eit kryss, har du ansvar for fri sikt ved eigendommen din.

– Dette er det viktigaste dugnadsjobben du kan gjere for nabolaget ditt. Sjekk sikta og finn fram hekkesaksa. Skulebarna ragar ikkje så høgt over bakken og kan fort bli usynlege bak ein tett sommarhekk, held Myre fram.

Til toppen