Held folkemusikkmiljøet i Eldegarden i hevd

Held folkemusikkmiljøet i Eldegarden i hevd

Laurdag var femte gongen at dei fem søstrene Eldegard saman med mamma Marta arrangerte hardingspelkonsert på fjellgarden Eldegard i Årdal. - Dette er berre moro, og me kjem til å halda fram med denne tradisjonen, seier ei av søstrene, Gunvor Eldegard.

Rundt 100 personar hadde teke turen opp til Eldegarden som ligg 320 m.o.h. Garden vart fråflytta i 1964, og fleire av dei som vaks opp der før den tid, har vore sentrale innan folkemusikk-miljøet i Noreg.

Særleg er det hardingfelespelet dei blir hugsa for, og fleire kjente slåttar er komponerte og spelt av  denne Eldegard-slekta.

 

Hardingspel-konsert Eldegarden, Svein Nesje, Synnøve Bjørset og Håkon Høgmo

Svein Nesje, Synnøve Bjørset og Håkon Høgmo var blant dei som trollbandt publikum.

 

Flott underhalding i nydeleg vêr

- Me tykte det var ein svært fin dag laurdag med kos, og god underhaldning i varm sommartemperatur, seier Gunvor Eldegard som er ei av dei fem søstrene.

Dei frammøtte fann roen i fire timar med sosialt samvere i prektig natur medan dei forsynte seg med drikke og småsnadder frå den enkle cafèen som var laga i stand i høve dagen.

Fire av ni barnebarn i familien Eldegard, folkemusikkkonsert august 2015

Fire av dei ni barnebarna i denne familen hadde laga ein enkel cafè for dei frammøtte.

Gode tilbakemeldingar

Sjølve konserten vara om lag i ein time.  

- Fleire av tilskodarane var kjente fjes, andre var nye, men det såg ut som om alle hadde ei triveleg stund, me fekk i alle fall gode tilbakemeldningar, smiler Eldegard.

Hardingspel-konsert Eldegarden 2015, søstrene Gunvor, Solveig, Ingvild, onkel Svein Skjerdal, mamma Marta, Hilde og Jorunn

Arrangørane: Søstrene Gunvor, Solveig, Ingvild, onkel Svein Skjerdal, mamma Marta, Hilde og Jorunn.

Slektsamling utan vatn og straum

Store deler av familien Eldegard som har sitt opphav frå denne fjellgarden, oppheld seg der med overnatting frå fredag til søndag.

- I helga er me 30 personar her, og me storkosar oss trass i at det ikkje er innlagt verken vatn eller straum i huset. Og me må bruka utedoen, ler Eldegard. 

Ho fortel at familien prøver å samla seg der oppe to gonger kvar sommar. 

Eldegarden Folke-musikkkonsert august 2015, Gamlebanken og Svein Nesje

Gamlebanken, samt Håkon Høgmo, var eitt av dei mange innslaga.

 

Hardingspel-konsert Eldegarden 2015, Synnøve Bjørset

Synnøve Bjørset var i storslag.

 

Hardingspel-konsert Eldegarden 2015, Svein Nesje

Også Svein Nesje imponerte stort.

 

Rundt 100 personar møtte fram på Folkemusikk-festival Eldegarden august 2015

Triveleg atmosfære i Eldegarden laurdag.

 

Fin stemning på folkemusikk-festival i Eldegarden august 2015

Dei fleste sat i fire timar i det nydelege vêret.

 

Flagget til topps i Eldegarden 15.august 2015

Ei ny etterlengta flaggstong på garden som set prikken over i`en utover den fanstastiske utsikta.

Til toppen