Årdal: Det går fram av årsmeldinga til fotballklubben. Øy tok over som trenar i november 2012, medan Stedje kom inn som assistenttrenar i januar 2015.

Årdal tok sin beste tabellplassering under Øy i fjor med ein 8. plass. Frå før kan han visa til ein 9. plass i 2013 og ein 10. plass i 2014.
– Me er godt nøgde med at treningskulturen har blitt betre og at mange unge spelarar er på veg mot spel for førstelaget vårt. Styret er også godt nøgde med måten Ivan og Jan Kåre utfyller kvarandre på, heiter det i årsmeldinga.
- Les også: Trenar seg opp til kvalifisering i NM
Cup-kamp
Onsdag startar sesongen for alvor for Årdal FK som reiser til Bergen for å møte Arna-Bjørnar i 1. kvalifiseringsrunde i NM. Laget tek nok sikte på å gjera det minst like bra i turneringa som i fjor då dei kom til 2. kvalikrunde etter tap for Stryn.
Sjansane for avansement aukar iallfall noko etter som engelskmannen Brett Fellows har papira i orden og er klar til kveldens oppgjer. 21-åringen spelte ei viktig rolle då Årdal verkeleg fekk fart å sakene i haust og gjekk ni kampar utan tap.
- Les også: Tottenhams vener skal trena Årdal
Fellows har signert for heile sesongen.
– Eg er veldig glad for å vera attende, eg likte meg utruleg godt her i fjor, så då Ivan spurde om eg ville komma tilbake, var eg veldig glad for det, seier Brett til klubben si heimeside.