HELD FRAM: Inger Bakken held fram som leiar i Lærdal Arbeidarparti. Foto: Arbeidarpartiet.
HELD FRAM: Inger Bakken held fram som leiar i Lærdal Arbeidarparti. Foto: Arbeidarpartiet.

Held fram som leiar i Lærdal Ap

Og slik ser det nye styret i Sogndal Ap ut.

Det har vore årsmøte i fleire lokale partilag den siste tida, der det har skjedd endringar i styresamansetning. 

I Sogndal var Hilmar Høl gjest då Sogndal Ap hadde årsmøte. Her orienterte også Jarle Aarvoll om lokale saker som Sogn barnevern og kommunesamanslåing.

Styrking av partiet sin sosiale profil og fleire innspel frå Sogndal AUF vart debattert, skriv partiet i ei pressemelding.

Det nye styret ser slik ut: Odd Urdal Bjelle (leiar), Liv Synnøve Bøyum (nestleiar), Stian Øye (sekretær), Gerd Signe Grinde Håre (kasserar), styremedlemar: Merete Børke Alpen, Jøran Endestad Reppen og Linda Christine Bøhn (AUF-leiar).

Også i Lærdal Ap har det vore årsmøte. Her ser det nye styret slik ut: Inger Bakken (leiar), Audun Mo (nestleiar), Jarle Offerdal (kasserar), Anne Karin Kvamme (skrivar), Rune Dvergsdal, Egil Natvik Vestreim, Gunnhild Damstuen (styremedlem).

Til toppen