FORNYA TILLIT: Hallvard Oppedal får byrje på sin tredje periode som ordførar i Gulen.
FORNYA TILLIT: Hallvard Oppedal får byrje på sin tredje periode som ordførar i Gulen. (Foto: Vilde Grimelid Oppedal)

KOMMUNEVALET 2019

Held fram som ordførar i Gulen

Forhandlingane er ferdige og Hallvard Oppedal får halde fram som ordførar.

 Gulen: – No som det er avklart gler eg meg. Det er mykje spennande som skjer framover, seier Hallvard Oppedal, som får halde fram som ordførar i Gulen Kommune. 

I går hadde dei møte med forhandlingar om kven som skulle vere ordførar og varaordførar. Oppedal held fram med sin tredje periode som ordførar, og Odd Harald Eide, frå Arbeiderpartiet er varaordførar.

 – Me har eit breitt samarbeid mellom Sp, Ap, KrF, og Venstre, seier Oppedal.

Oppedal synest det er kjekt å få den tilliten, og seier forhandlingane gjekk bra.

 – Det er sjølvsagt litt gje og ta, men det var ein god tone på møtet, seier han. 

Spent på avklåring om vindkraft

Folketals- og næringsutvikling er noko av det han vil jobbe med. Men også konkrete saker.

 – Saka om vindkraft på Dalsbotnfjella skal bli avklåra i haust. Det blir spennande, seier han. 

Dei sat òg saman ei valnemnd som skal kome fram til dei andre posisjonane fram til neste kommunestyremøte den 17. oktober. 

Til toppen