ENTUSIAST: Øyvind Hamre er ein ekte kinoentusiast og skal ha ein stor del av æra for at kinoen i Lærdal held stand 76 år etter at han opna. Foto: Eivind M. Øren.
ENTUSIAST: Øyvind Hamre er ein ekte kinoentusiast og skal ha ein stor del av æra for at kinoen i Lærdal held stand 76 år etter at han opna. Foto: Eivind M. Øren.

Held liv i ein av Noregs eldste kinoar

Øyvind Hamre gjer alt han kan for at kinoen i Lærdal skal bestå og leva i beste velgåande. Den jobben gjer han med bravur.

I 16 år har Øyvind Hamre arbeida ved Lærdal kino, og dei siste tre av desse har han vore driftansvarleg.

I laupet av denne tida har han arbeida hardt for å betre kinopplevinga for lærdølene, og sjølv om mykje er gjort, har han enno planar for framtida.

Ein av landets eldste kinoar

Kinoen i Lærdal opna seint på hausten i 1938 og har no vore open i 76 år med kontinuerleg drift. Dette gjer at den vert ein av landets eldste kinoar som enno er i drift og vert berre såvidt slått av Klingenberg kino i Oslo, som vart opna 6. oktober samme år og er rekna som landets eldste. 

Fasilitetane ved kinoen i Lærdal er ikkje like storslagne som dei ved Klingenberg i hovudstaden, men kinoen har blitt trufast drifta til gode for lokalbeforlkninga.

Det er få som faktisk veit kor gamal kinoen er, og Hamre er glad for mogelegheita til å vere med på å vidareføre ein så lang tradisjon.

– Teknologien både for innspeling og framsyning av film har sjølvsagt komme langt sidan kinoen starta her for 76 år sidan, men interessa var stor blant lærdølene allereie då, fortel Hamre til Porten.no.

– Det var jamnlege førestillingar sette opp, og folk samla seg i store mengder for å sjå. Før vegen ut i Vindedalen vart bygd pleidde dei som budde der ute å ro inn til Øyri for å få med seg filmane, så populært var det. 

Ny teknologi

Mykje har endra seg sidan denne tida, men Hamre fokuserer på å bevare den gamle kulturhistoria til bygda på ein ganske unik måte.

- Utstyret som vert brukt no er ugjennkjenneleg i forhold til det som vart brukt i byrjinga. Då måtte ein faktisk sveive projektoren manuelt for å syne filmen, og det var pause midt i framsyninga så ein fekk høve til å bytte til neste rull.

– No skjer alt digitalt, og filmopplevinga er ein heilt annan, men dei gamle projektorane og plakatane har allikevel blitt tatt vare på og er no utstilt ved inngangen til kultursalen.

ELDGAMAL: Her ein gamal filmplakat ved Lærdal kino.
ELDGAMAL: Her ein gamal filmplakat ved Lærdal kino.

Jobbar med si største interesse

Ein høyrer fort at Hamre er erfaren når det gjeld film og kulturhistorie, og han deler gjerne det han veit med dei som vil høyre. Han har investert mykje tid i sin interresse for film, og tykkjer det er kjekt å kunne legge dette engasjementet inn i arbeidet han gjer ved kinoen i Lærdal.

– Eg har lenge vore ein kinoentusiast og interresserer meg for filmar, musikk, og populærkultur generelt. Eg prøver å ta med meg denne interressa inn i arbeidet eg gjer og håpar sjølvsagt at dette betrar opplevinga til dei som kjem på framsyningane.

Kiosk

Etter at Hamre tok over drifta av kinoen har han arbeida hardt for å sette eit meir profesjonelt preg på fasilitetane.

Eit viktig tillegg er kiosken han har sett opp, der ein kan kjøpe popkorn, brus, og anna snacks ein vil nyte under filmen, og dekoreringa med gamle plakatar og utstyr som gjer at ein føler at ein har komme til ein kinosal.

– Ein god kiosk er ein viktig del av opplevinga når ein går på kino, og fram til no har ikkje dette vore fokusert på.

– Det eg har fått sett opp til no har vore populært blant dei som kjem på framsyningane, og eg har planar om å ta inn fleire typer snacks i framtida. 

Fokus på kundane 

Ei av dei fyrste tinga Øyvind gjorde då han tok over drifta til kinoen i 2012 var å sette opp ein Facebook-konto der han kan halde kontakten med kundane i bygda.

Der legg han ut oppdateringar, trailarar og tek imot forslag om framsyningar og arrangement. Sida har no over 400 følgjarar, og fleire framsyningar dei siste åra har blitt sett opp som resultat av forslag på denne sida eller gjennom personleg kontakt.

Den siste av desse skjedde nettopp då Porten.no snakka med Hamre. Då inviterte Lærdal kino til framsyninga av «Tusen bitar».

– Det er alltid kjekt når folk tek kontakt angåande filmar dei gjerne vil sjå. Det gjev meg eit betre innblikk i kva folk vil ha og kor god oppslutnad eg kan forvente på filmane eg tek inn.

– Visninga av «Tusen bitar» hadde litt over 30 besøkande, noko som kanskje ikkje høyrest ut som mykje, men landssnittet for oppmøte på denne filmen er ikkje meir enn 12 personar.

– Eg hadde difor mest sannsynleg ikkje henta inn denne filmen dersom eg ikkje hadde blitt spurt om det, men resultatet vart ei fin framsyning for dei som vil nytte kinoen i bygda, og ein god investering for meg, så eg er glad eg gjorde det.

Konkurransedyktig

Oppgraderinga til digitalt utstyr har også hjelp kinoen mykje dei siste åra, då det vert lettare å bestille inn etterspurte filmar.

Hamre fortel at dei før måtte vente lenge på storfilmar, og at rullane ofte var slitte etter fleire visningar ved andre kinolokale før dei nådde fram til Lærdal, kanskje så lenge som tre månader etter premieren.

No kan han få tilsendt filmar til same tid som landspremierar og med like god kvalitet, noko som gjer det mykje lettare å halde kundane interresserte. 

– Eg merkar stor forskjell i oppmøte på store filmar no som eg kan konkurrere med premieretidene. Slik som drifta var før, hadde det ikkje vore mogeleg å konkurrere når ein kunne sjå filmane i nabobygda eller kjøpe dei på DVD på Kiwi ei veke etterpå, men no kan eg lett holde følge med dei store lanseringane.

Artikkelen held fram under biletet.

KIOSK: Ein kiosk er ein viktig del av kinoopplevinga, meiner Hamre.
KIOSK: Ein kiosk er ein viktig del av kinoopplevinga, meiner Hamre.

– Det gjer det også lettare å vise filmar som folk vil sjå, då eg kan bestille kopiar inn på rimelig kort varsel dersom det vert naudsynt. 

Framtidsretta

Sjølv om Hamre har fått mykje gjort dei tre åra han har vore ansvarleg er det enno mykje han håpar på å få gjort. Lerrettet i salen byrjar å verte slitt, og omgjevnadene ute i inngangen til kulturhuset er ikkje veldig innbydande, meiner han.

– Målet er å få sette opp omgjevnader der folk kan samle seg og slappe av før filmen startar. Slik som det er no verkar omgjevnadene kalde og lite innbydande, og det er ingen plassar ein kan sette seg ned og vente på at andre skal møte opp.

– Eg vil gjerne få sette opp nokre sofakroker eller liknande, slik at det vert meir attraktivt for folk å møte tidlegare istadenfor å møte fem minuttar før filmen byrjar, og så dei slepp å stå i lange køar for å kjøpe billettar som eit resultat av dette.

– I tillegg håpar eg at folk vert meir aktive og tek kontakt angåande filmar dei vil sjå, slik at eg kan legge opp programma utfrå deira interesser.

Om desse endringane vert ein realitet, vil tida vise, men det er ingen tvil om at kinoentusiasten held kinotradisjonen i Lærdal godt ved like med si drift av lokalet.

Dersom Øyvind Hamre får bestemme kjem ein til å ha flotte filmopplevingar å sjå fram til i bygda i fleire år framover.

Til toppen