BEST I TEST: Hemsedalsfjellet kjem best ut i alle fagrapportar. Likevel held kampen med Hardangervidda fram om å bli andre hovudveg mellom aust og vest. Foto: arkiv.
BEST I TEST: Hemsedalsfjellet kjem best ut i alle fagrapportar. Likevel held kampen med Hardangervidda fram om å bli andre hovudveg mellom aust og vest. Foto: arkiv.

Held trykket på hovudveg over Hemsedal

– Sjølv om me har dei faglege rapportane i ryggen, så ser me at det blir brukt store ressursar på den andre sida, seier ordførar.

Sogndal/Aurland: Ein skulle tru at Hemsedalsfjellet for lengst har vunne kampen om å bli hovudveg nummer to mellom vest og aust.

KLART SVAR: Ordførar Noralv Distad (H) i Aurland meiner det er viktig å halde fram kampen for ein hovudveg over Hemsedal, sjølv om dei allereie har dei faglege tilrådingane i ryggen.
KLART SVAR: Ordførar Noralv Distad (H) i Aurland meiner det er viktig å halde fram kampen for ein hovudveg over Hemsedal, sjølv om dei allereie har dei faglege tilrådingane i ryggen.

Men når konsekvensutgreiinga no er ute på høyring meiner forkjemparane for det nordlege alternativet at det er viktigare enn nokon gong å spisse argumenta. Kommunane Aurland og Sogndal er blant dei som har blitt oppmoda med å seie si meining.

– Sjølv om me har dei faglege rapportane i ryggen, så ser me at det blir brukt store ressursar på den andre sida. Då er det viktig å halda trykket oppe og få løfta fram dei gode argumenta for Hemsedal, seier ordførar Noralv Distad i Aurland.

Les også: Vegvesenet anbefalar Hemsedalsfjellet
Les også: Heilt ueinige om kvar hovudvegen mellom aust og vest skal gå

Rådmann Jostein Aanestad i Sogndal er av same oppfatning.

– Dei ulike løysingane vil gje ulik fordelar for ulike landsdelar. Då blir det interessemotsetningar, sjølv om dei faglege tilrådingane er svært tydelege. Difor er det all grunn til å følgja denne saka heilt fram til regjering og storting tek si avgjerd i nasjonal transportplan, seier han.

Han peikar på at eit aust-vest samband over Hemsedal, som supplement til Haukeli, kjem best ut på alle parameter. Det har òg Statens vegvesen slått fast i to rundar.

– Det er best på økonomi, det er best på vinterregularitet, det er best på stigningsforhold og passar best næringslivet sine behov. Men det viktigaste er at denne løysinga, saman med Haukeli, vil gje forbetringa vegløysingar for heile Vestlandet, seier Aanestad.

Til toppen