Sogndal: – Me håper folk legg merke til engasjement som dette og at noko faktisk kan skje, seier Ambachew Adhanome.
Son til Adhanome, Abenezer (5), har alvorleg autisme og er delvis psykisk utviklingshemma. Likevel har ikkje familien opphaldstillatelse fordi myndigheitene ikkje trur på at dei kjem frå Eritrea. Dei kan heller ikkje sendast nokon stad, fordi dei er sokalla "papirlause".
Både privatpersonar, organisasjonar og lokalpolitikarar har engasjert seg for å kjempe for at familien skal få opphald. Då det i januar i år vart kjend at flyktningemottaket i Sogndal skal leggjast ned fekk familien beskjed om at dei måtte flytte. I april må Abenezer og familien forlate vener og miljøet i Sogndal.
Det er dette dei protesterer mot, vakarane.

– Me må halde saka varm
Gjennom heile laurdag natt skal minst to personar halde vake under eit parolebanner i Sogndal sentrum.
– Her skal stå folk gjennom heile natta. Det var ikkje vanskeleg i det heile å fylle opp tida, folk er so engasjerte og villige til å hjelpe, seier Vibeke Johnsen.
Johnsen er fylkesleiar i Sogn og Fjordane SV, sit i kommunestyret og har vore engasjert for Abenezer i lengre tid.
– Det er heilt forkasteleg at eit born med dei utfordringane Abenezer har ikkje får opphald på humanitært grunnlag. Om ikkje dette er grunnlag nok, kva er?, seier Johnsen.
– Me må halde saka varm. No er det ikkje lenge att før familien må flytte, om me ikkje gjer noko. Difor vonar me eit slikt engasjement kan få fart på debatten.
– Men kva er det att å gjere no? Dei har allereie fått avslag på opphaldstillatelsen.
– Ja, men dei kan framleis få opphald på humanitært grunnlag. Om lista over sjukdomar vert utvida, vil born som Abenezer vere dekka i framtida, seier Johnsen.

Held da gåande heile natta
Trass i at det er meldt både minusgrader, nedbør og vind skal vaken halde fram. Planen er å stå heilt til sundag ettermiddag – 24 timar.
– Me er takksame for alle som møtte opp. Me ser at lokalsamfunnet her støttar oss, seier pappa Adhanome.