I ÅR VAR DET DEIRA TUR: William Finnebotn Saltnes og Sara Øy Laberg tykte det var stas at det i år var dei og deira klassekamerater sin tur til å selge kaker på SN-dagen. (Bilde:  Snorre Sandemose)
FN-dagen på Farnes skule (Bilde: Snorre Sandemose)
(Bilde: Snorre Sandemose)
(Bilde: Snorre Sandemose)
(Bilde: Snorre Sandemose)
(Bilde: Snorre Sandemose)
(Bilde: Snorre Sandemose)
(Bilde: Snorre Sandemose)
(Bilde: Snorre Sandemose)
(Bilde: Snorre Sandemose)
(Bilde: Snorre Sandemose)
(Bilde: Snorre Sandemose)
(Bilde: Snorre Sandemose)
(Bilde: Snorre Sandemose)

Heldt den lokale kakesalstradisjonen ved lag på SN-dagen

I Øvre Årdal har dei i årevis hatt sal av kaker på denne dagen, til glede for både kakeseljarane og for dei som kjem og kjøper. Og til glede for born i ein SOS-landsby i Colombia.

Årdal: 24. oktober er det SN-dagen, og både Farnes barneskule og Aurland barne- og ungdomsskule er blant dei som skipa til temadag for alle elevane.

– Me har tradisjon med at 4.-klassingane tek med seg kaker heimanfrå og sel til dei andre elevane og lærarane på SN-dagen. Heilt sidan år 2002 har pengane gått til SOS-barnelandsbyen i Ipiales i Colombia, fortel Signe Endresen, kontaktlærar for klasse 4B på Farnes skule.

SN-FLAGGET TIL TOPPS: Aurland barne- og ungdomsskule starta sin SN-dagsseremoni med å heise opp det blå og kvite SN-flagget ute i skulegarden.
SN-FLAGGET TIL TOPPS: Aurland barne- og ungdomsskule starta sin SN-dagsseremoni med å heise opp det blå og kvite SN-flagget ute i skulegarden. Foto: Aurland barne- og ungdomsskule

Dei byrja dagen med at alle elevane gjekk i tog ein runde opp Farnesvegen og ned att Parkvegen, og derifrå inn i skulen sin gymsal. Alt no var det 4. klassingane som stod i bresjen for markeringa: 

– Me ynskte alle saman velkomne til SN-dagen inne i gymsalen, fortel Sara Øy Laberg og William Finnebotn Saltnes i 4B.

Det var mange elevar som ynskte å få vera med og seia velkomsthelsinga, og William var ein av dei som vann loddtrekninga, og fekk lesa opp informasjon om SN for heile skulen.

– SN jobbar for å gjera verda betre for alle menneske, seier han utanboks, før han finn fram kortet sitt og les vidare: – SN er spesielt opptekne av at alle barn skal vera trygge, kunna få gå på skule og eta seg mette.

– Var du nervøs før du skulle fortelja om SN for heile skulen?

– Ja, eg var det, og eg gledde meg til det skulle vera over. Det var ei fin kjensle eg hadde etter at eg hadde lese opp, seier han. 

LIKE KJEKT I ÅR ÒG: 5.klassingane på Farnes skule var blant dei som kjøpte kaker av 4.klassingane, til inntekt for barnelandsbyen Ipiales i Colombia. Dei sette like stor pris på dagen i år som i fjor. - Det er veldig kjekt når det skjer noko ekstra på skuledagane, seier desse 5. klassingene ved Farnes skule. 
LIKE KJEKT I ÅR ÒG: 5.klassingane på Farnes skule var blant dei som kjøpte kaker av 4.klassingane, til inntekt for barnelandsbyen Ipiales i Colombia. Dei sette like stor pris på dagen i år som i fjor. - Det er veldig kjekt når det skjer noko ekstra på skuledagane, seier desse 5. klassingene ved Farnes skule.  Bilde: Snorre Sandemose

Attåt songane og opplesinga om SN sitt arbeid for å fremja born sine rettar, hadde 4.-klassingane også sett opp teaterstykke, og både William og Sara hadde roller i stykket. Stykket handla om å hjelpa dei som er fattige. 

– Eg og Elias (ein annan elev i klassen) gav mat til William i dette stykket. Stykket handla blant anna om at alle barn har rett til mat og drikke, fortel Sara, som tykte det var stas å framføra skodespel for heile skulen og formidla eit slikt viktig tema.

 Populært kakesal

– Eg hadde med 25 muffins og no er det berre seks att, seier William, før han brått får vita frå utsalskollegaen sin at no har alt vorte utseld. 

– Det er kjekt å driva eigen kafe!, seier ha, og han og Sara er samde om at det er kjekt å vita at pengane går til eit viktig og godt føremål.

Dei fortel litt om salsmønsteret når dei sel kaker til heile skulen:

– Fyrste- og andreklassingane er mest «happy» med muffins med non-stop, fortel Sara.

– Og blant gutane i 1.-klassen var det særskilt populært med konditorfarga grøne muffins. Blant 5.klassingane var det capriconekakene med hjarteauge som gjekk mest unna. Dei eldste elevane var derimot mest glade i sjokoladekake, medan lærarane kjøpte mest av gulrotkaka, fortel dei. 

Dei har laga eigne slagord som dei ropar opp for å få salet til å gå, som «kjøp ein muffins til slutt, du et han opp på ein minutt!»

Hugsar godt fjoråret

Både Sara og William kan hugsa akkurat kva dei kjøpte i fjor på SN-dagen. Ho kjøpte ein brownie, ein muffins og to glas saft. Han kjøpte to sjokoladekakestykke, ein muffins med nonstop og eit glas saft. 

– Det var veldig stas i fjor å kjøpa kaker frå dei store. Og i år var det stas å få selja til dei minste, seier dei. 

– Kva med dykk, får de òg smaka kake i dag?

– Ja, men til sist, når alle dei andre elevane har vore her. Då kjøper vi i klasse 4B og 4A kaker frå kvarandre. Me må òg kjøpa, sjølv om det er me som har teke med kakene. Det synst me er fint, for me har det so bra. Då er det kjekt å hjelpa dei som ikkje har det like bra, seier dei.

Til toppen