MUSIKANTAR: Glade musikantar spelte på Vision of the Fjords.
MUSIKANTAR: Glade musikantar spelte på Vision of the Fjords. (Foto: Leif Arne Aasen)

Heldt konsert på Vision of the Fjords – Me er glade musikantar

No håpar musikantane frå Leikanger, Sogndal, Norane og Aurland at det skal bli fast å opptre på båten.

Aurland: – Me er ein gjeng med glade musikantar som likar å spela musikk for andre, seier Leif Arne Aasen. 

Han og 15 andre har satt saman ei konsertgruppe som dei kallar Konsertgruppe i Sogn. Gruppa har sitt utspring frå Norane Skule- og ungdomskorps.

– Me starta å spela i verdsarvfjorden i fjor og blei spurt om å koma tilbake til Vision of the Fjords. Me spelte blant anna forbi Aurland og ut til Undredal. Då spelte me Vestland Vestland-songen og det var flott. 

Spelar på Vision of the Fjords

Det er fleire musikantar som bidreg til konsertgruppa.

– Musikantane kjem frå Leikanger musikklag og Sogndal musikklag, seier han. 

Vision of the Fjords med sine mange daglege avgangar blei kåra til Årets Skip i 2016 og byr på flotte omgjevnader og utsyn i Nærøyfjorden.

– Det er den fyrste i verda av typen heilelektriske båtar, og det er ganske flott å spele frå ein slik båt for oss.

Folk sette pris på musikken

Det var mange turistar som møtte opp og høyrde på musikantane. 

– Det var nokre hundre gjester ombord og dei tykte det var veldig flott at me spelte for dei. Etter innslaga fekk me applaus i høg grad, seier han. 

No vil konsertgruppa halda fram med å spela i Nærøyfjorden. 

– Me har lyst til dette fordi me er glade musikantar som likar å opptre. Me spelar både glad musikk og Edvard Grieg. Allereie då me var ferdig ynskja kapteinen oss tilbake ombord neste år og det vil me veldig gjerne. Me har det moro med musikk, seier Aasen. 

Til toppen