KAMP OM FLÅMSVASSDRAGET: Silje Ask Lundberg, leiar i Naturvernforbundet
KAMP OM FLÅMSVASSDRAGET: Silje Ask Lundberg, leiar i Naturvernforbundet (Foto: Naturvernforbundet)

Heldt vassdragstreff for å hindra kraftutbyggjing i Flåmselva

Naturvernforbundet inviterte i helga fleire aktørar til vassdragstreff der vern av  Flåmselva stod høgst på agendaen.

Aurland: Dette kjem etter at det vart foreslått å overføra vatn frå øvste del av Flåmvassdraget til Viddals-magasinet i Aurlandsvassdraget for å hindra ei eventuell storflaum.

Denne overføringa vil redusera Flåmselva som kan leia til uheldige konsekvensar for livet i- og rundt elva.

– Utbygging i Flåmsvassdraget er eit klart brot med Verneplan for vassdrag. Flåmsvassdraget blei varig verna mot kraftutbyggjing i 1986. Vassdraget har meget høg verneverdi, ikkje minst naturfagleg. For reiselivet er Flåmsvassdraget av særleg stor betydning, seier Silje Ask Lundberg, leiar i Naturvernforbundet. 

Vil stogga kraftutbyggjing

Norges vassdrags- og energidirektorat har allereie innført tiltak mot flom i Aurland, men kommunen ønskjer å setje opp ein demping av vassdraget, og bruka Flåmsvassdraget til å laga kraft. 

Noko Ask Lundberg meiner bør vera uaktuelt. 

– Kraftutbygging som flaumdempingstiltak i Flåmsvassdraget må vera uaktuelt. På vassdragstreffet i Aurland vil me setja fokus på verneverdiane i vassdraget og betydninga for reiselivet.

Naturvernforbundet, Norges Jeger- og fiskerforbund, Forum for Natur og Friluftsliv, Den Norske Turistforening, Fjord Norge og Sognefjorden Vel, står bak arrangementet. 

Til toppen