Helen Koldal
Helen Koldal (Bilde: Truls Grane Sylvarnes / Arkiv)

FOLK

Helen Koldal er tilsett som ny kommunalsjef i Årdal

Koldal overtar når Rigmor Svanberg går av med pensjon neste år.

Årdal: I mellomtida skal Koldal fungere som assisterande kommunalsjef i tillegg til å leie bu- og miljøtenesta i Årdal kommune.

Måndag hadde ho sin første arbeidsdag. Opprinneleg kjem Koldal frå Fusa, er utdanna sjukepleiar, men har tatt vidareutdanning innan leiing og rettleiing.

– Eg har tidlegare jobba som styrar på sjukeheim, einingsleiar i heimetenesta, og no kjem eg frå stilling som rådgjevar ved Haukeland universitetssjukehus, der eg jobba mykje med samhandling, seier ho.

Det er kjærleiken som trekkjer Koldal til Årdal. Når ein spennande jobb som kommunalsjef dukka opp, valte ho å søka.

– Eg er veldig takknemleg og audmjuk for at eg får prøva meg. Eg har høyrt at det blir drive godt med ein dyktig kommunalsjef og flinke folk ute i einingane. Ambisjonen er å halde fram med å levera ei god og solid teneste i takt med utviklinga.

– Kommunen har for tida fleire prosjekt for å utvikle mogelege framtidige modellar for omsorgstenestene, både når det gjeld struktur og organisering. Det er ein stor fordel å få delta i dette arbeidet heilt frå starten, legg ho til.

Til toppen