Helgaturen: Biskaholten, den finaste turen

Denne gongen skal me på ein kortare tur, ein tur som er godt eigna for familiar og den yngre garden. Eller det kan vera ein ”startar” for den som har lyst å koma i gang med turar i skog og fjell.

Målet er Biskaholten som ligg på Seimsåsen. Dette er ein tur i slakt fint terreng, god sti og med mangfaldig vegetasjon oppover bakkane.  Me hadde med bærplukkar for sikkerheit skuld.

Flotte haustfargar og godt ver sette sit preg på turen.

Her ved Åsettjørni starta me åtte personar, dei to yngste på 3,5- og den eldste på 69 år. Det er to bruer som kryssar den vesle bekken som kjem frå tjørna. Den øvste brua fører inn på stien mot Branderei og Paradisjuvet. Her skal me ikkje gå. Ei lita bru litt lengre nede fører oss på rett veg.

Me svingar til høgre rett etter brua og finn straks god sti. Denne deler seg etter omlag hundre meter. Her held me rett fram, ikkje opp til venstre.

Vidare går me over ein liten kolle og ned att mot eit bekkefar som er enkelt å kryssa, sjølv for dei minste.  Alle heng med og humøret er på topp. Med niste, kakao og litt godisar i sekkane er dei allereie byrja å snakka om matpause.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kart: Statkart via Peakbook.org med påteikna GPS-spor og stadnamn  av J. Asperheim
Kart: Statkart via Peakbook.org med påteikna GPS-spor og stadnamn  av J. Asperheim

Me held fram oppover og oppdagar stadig nye kunstverk skapt av naturen. Eit tre forma som ein sitteplass måtte sjølvsagt prøvast og alle måtte gå gjennom ”porten”.

Det har sjølvsagt vorte nokre småstopp oppover med drikking og rusk i skoen og slikt, men etter vel ein time var me 50 meter frå varden på toppen. Her slo me leir og opna tursekkane med nistepakkene og alt det gode.

Ei lang kosestund vart det før me gjorde siste framstøytet mot varden. Og det var suksess. Alle måtte sjølvsagt legga ein ny liten stein på varden og fellesbilete måtte takast.

Nokre skoddebankar dreiv kringom dei høgaste toppane og gjorde det heile litt dramatisk.

Turen nedover att gjekk fint og ikkje så lenge etter var me ned att ved Åsatjørni. Ein kjempeflott tur som me alle vil hugsa, ikkje minst dei yngste.

 

- Dette var den siste ”Helgaturen” og truleg den beste.  Eg vil takka alle som har vore innom og lese artiklane mine. Takkar og  for kommentarar og attendemeldingar. Kanskje har eg inspirert nokre til å gå ein tur i den flotte naturen vår.  I so fall har eg lukkast.

Beste turhelsing frå JonnyA

Til toppen