Helgaturen: Blåberggruvene

Dette er enno ein tur som mange årdøler kan starta frå si eiga stovedør.  Mange har teke turen opp mot gruvene men vel å snu ved turposten under Skarpenor.  Men det er vel verdt dei ekstra minuttane som det tek å ta turen heilt opp til dei gamle kopargruvene.

Me parkerte i Øvstetun like ved Øvstetunsfossen. Fyrste stykket går etter bilvegen opp Fardalen. Ved 4. svingen ser me Kleivi bru der me kryssar Fardøla.

Øvstetunsfossen
Øvstetunsfossen

Så er me i gang på den gamle vegen som fører oss opp til eit gruveområde som for 300 år sidan var i full drift.

Vegen er merka med mange stadnamnskilt oppover og rett etter brua er det postkasse med informasjon, eit prosjekt Årdal Turlag stod føre i 2004.

Me passerar etter kvart ”Vegaskilet frå Børtnes”, Ekra og Håvardsløa, Øvsttunhaugen, Løypestreng 1 og Ådnehammaren.

Ådnehammaren er ein berghammar midt over bustadene i Børtnes og er best synleg frå blokkene i Øvstetun.

Det er jamn fin stigning heile vegen og etter å ha passert Glenna kjem me til Brattebakken.  Dette er ei lang strekka med jamn stigning. Det flatar litt ut etter 1 km gange frå start.

Oppe i Midtunsdokki, 1,2 km og vel ein halvtime frå start, opnar terrenget seg og det vert god utsikt over Øvre Årdal og faktisk kan ein sjå atti nokre av husa på Årdalstangen.

Artikkelen held fram under biletet.

Kart: Statkart via Peakbook med innlagt GPS-spor av J. Asperheim
Kart: Statkart via Peakbook med innlagt GPS-spor av J. Asperheim

Etter omlag 1,5 km og 42 minuttar er me komne til turposten under Skarpenor. Her må me sjølvsagt skriva oss inn.

Me har heile tida gått i sørvestleg retning. No svingar vegen mot nordaust og me kjem til Minesva. Ein kan framleis sjå borehol i dette svaet frå den tida dei laga vegen opp her.  Ikkje lenge etter kjem me til Skarpenor.

Etter Skarpenor er det litt flatare terreng heilt til me kjem opp til ei urd.  Me har då gått i ein time frå start og lagt bak oss 2 km, og etter 1 time og 20 minuttar er me ved fyrste gruveholet.

Her vert det kvil, fotografering og nyting av utsikta før me tek ein nærare inspeksjon av gruvene.  Me ser Fardalssvingane og heile Fardalen, frå Melheim til Haug. Tvers over dalen ser me Naustbergi med Kvernabekken, Svaskredi og Glåbergskreda. Ikkje rart at det er laga vegtunnel forbi dette området.

Ved å fylgja bergfoten vidare, kjem ein til den nordlegaste gruva som er synleg her. Gruveopninga ligg oppe i bergveggen. Bortover mot denne gruva var det ulendt terreng og ikkje så godt å koma fram, men nyfikne som me var, måtte me berre ha med oss litt av dette og.

Denne gruva heiter "Fredriks pynt".

Gruva Fredriks pynt
Gruva Fredriks pynt

Lenger innover mot Fardalen ligg det to gruveopningar til, men desse er ikkje tilgjengelege på grunn av bratt terreng og utrasa vegar.

 

Årdal Koparverk.

Koparverket kom i gang i 1701 og heldt fram med nokre avbrot til 1768. Då vart alt som tilhøyrde gruveselskapet selt på auksjon. Soleis hamna hovudhuset i bustaden til bergskrivaren på Sørheim i Luster. Årdal sogelag sytte for å kjøpa "koparverkshuset" attende til Årdal tidleg på 1950-talet. Det står no plassert ved verksporten til Hydro på Årdalstangen og vert teke godt vare på av sogelaget. Huset stod opprinneleg på  hytteplassen i Øvstetun. 

På dei mest 70 åra verket var i drift, vart det "skjerpa"  kringom i alle fjell i Årdal. Midnes, Bennborg, Øyni, Fardalen, Grøndalsfjellet (Gruvefjellet), Åsete og Blåberg kan nemnast.  Ved mange av skjerpa vart det sett i gang gruvedrift.  All malmen vart frakta til smeltehytta i Øvstetun.

Frå Blåberggruvene frakta bøndene ned malmen på den same vegen som "Helgaturen"  går denne gongen. Så det kan vel seiast at her er me på historisk grunn.

Blåberg gruver: Namn og avstand mellom gruvene. Frå Bygdebok for Årdal, band 1.
Blåberg gruver: Namn og avstand mellom gruvene. Frå Bygdebok for Årdal, band 1.

I bygdebok for Årdal, band 1 frå side 384 kan du lesa meir om koparverket.

 

 

Til toppen