Helgaturen: Eldegardsrunden

Høgdegarden Eldegard er godt kjend for både bygdafolk og andre og mange har lete seg fotografera på flaggstongfundamentet med gardshusa I bakgrunnen.

Likevel skal me skildra turen opp hit men i ein litt lengre versjon som me har kalla Eldegardsrunden.

Starten på turen er i Brennborg ved Fv 53 mellom Årdalstangen og Øvre Årdal, omlag 250 meter sør for inngangen til Brennborgtunnelen.

Som dei fleste stader I Årdal er det høvesvis bratt når ein skal ut på fjelltur.

Den godt brukte gangvegen er  ikkje vanskeleg å finna og går stort sett i urd og til å byrja med,  langs med den flotte Eldegardsfossen. På denne tida er den eit syn for auga og kan måla seg med dei fleste andre fossefall i kommunen.

Etter omlag 35 minuttar kjem me til eit vegskilje. Me er no på  290 moh. Tek du til venstre her, kjem du bort til Eldegarden. Held du fram rett oppover, vil du etter kvart når terrenget flatar litt ut, koma til Skåltrokklè. Her har Årdal turlag hatt turpost gjennom mange år, og er eit populært turmål.

Herfrå kan ein gå vidare til stølane Kvennli, Onsete og til Løst.

Men me set kursen mot Eldegarden etter å ha skrive oss inn i boka.  Stien slyngar seg nordover opp mot Haugen (440 moh) og vidare nedover i slakt fint terreng.

Ikkje så lenge etter ser me bygningane på garden som ligg på 328 moh

Som vanleg vert det ei lita stund ved flaggstongfundamentet. Her kan ein roa seg ned og nyta den flotte utsikten i mektig årdalsnatur.

Det er på tide å venda nasen heimover og me finn stien i sørleg retning. Etter nokre få minuttar er me attende til vegskilje der me tidlegare tok rett opp.  Med forsiktige steg tek me oss nedatt til Brennborg.

(Artikkelen held fram nedanfor biletet)

Kart over Eldegardsrunden:  Statkart via Peakbook.org med innlagt GPS-spor av J. Asperheim
Kart over Eldegardsrunden:  Statkart via Peakbook.org med innlagt GPS-spor av J. Asperheim

Om Eldegarden.

Namnet på garden kan koma av at elvi i flaumtider tok med seg store mengder stein. Desse slo inn i berget nedover fossen og slo gneistar so det såg ut som ein "gloande hestehale" for folk som rodde på Årdalsvatnet. Truleg har dette naturfenomenet gjeve elvi namnet Elda. Elva har så gjeve namnet til garden.

Husa låg før på Teigane på nordsida av elva. Det synte seg å vera ein farleg bustad. I koparverkstida vart skogen hoggen. I det bratte lendet var det då lite som verna mot steinflog.

Sjur Sjurson Åretun gift med Ingebjørg Johannesdotter Eldegard flytte husa til sørsida av elvi i 1814. Sjur Eldegard sette opp stovehuset som er på garden i 1875.

Ein annan veg som fører til Eldegarden går opp nærare fossen. Han er bratt og ulendt og vart kalla "Vegjedn". Her vart det og "skjerpa" i koparverkstida.

Berget frå  fossen og sydover vart difor berget kalla "Miningberget". Minegongen går omlag 8 meter inn i fjellet.

 

Eiga sag

Ved Haugagjerdet vart det sett opp sag. Denne var i bruk frå 1942. Før det, vart tømmeret fløytt nedover elvi, ut over fossen og ned i vatnet. Det vart nok ein del svinn her på grunn av den store fallhøgda. Tømmeret vart fløytt vidare ned til sjøen og skore i Ofredalen.

(Kjelde: Årbok for Årdal Sogelag 1952 (nr 2), side 42, artikkel om Eldegarden av Karl Eldegard.)

 

Sigurd Eldegard (1866-1950), skodespelar, dramatikar, teatersjef og spelemann.

Sigurd Eldegard vaks opp på fjellgarden Edegarden.

Han debuterte i 1891 på Christiania Theater, og var seinare knytt til Nationaltheatret.

Han var teatersjef ved Det Norske Teatret 1918-1920.

Han skreiv m.a. skodespelet «Fossegrimen», som vart oppført over 100 gonger både på Nationaltheatret og Det Norske Teatret.

Då stykket hadde urpremiére på Nationaltheatret den 29. januar 1905, var dette det første nynorske stykket som vart framført på Nationaltheatret. Johan Halvorsen hadde komponert musikken til stykket.

(Kjelde: NRK.no)

Til toppen