Helgaturen: Fonnkloppeggi

Ja, kvar er eigentleg det? Det skal Jonny Asperheim fortelja deg i denne utgåva av Helgaturen.

Når du køyrer Fv 53 frå Årdal over Tyin så passerar du det høgaste punktet på vegen (1117moh). Rett rundt svingen  kryssar vegen eit bekkefar, Kastar du blikket rett over Tyinvatnet, ser du Fonnkloppeggi omtrent rett nord. Og eggi ligg i Årdal kommune. 

Startpunktet

Her, rett aust for høgdestøtta,  var utgangspunktet vårt denne strålande dagen. 

Dette er ikkje nokon strabasiøs tur, men for oss var det ein tur til ein ny stad. Me likar å gå på nye stader og sjå landskapet frå andre vinklar enn det ein ser til vanleg. 

Ver varsam

Tyinisen er i rørsle gjennom heile vinteren på grunn av regulering og det vert difor alltid sprekker mellom fast land og isflata. Desse sprekkene skal ein vera merksam på. Dei skjuler seg ofte under eit tynt lag med snø. I denne "sona" brukte me stavane flittig for å  kjenna etter sprekker  for å unngå å trø nedi  og verta skada. 

Vel  nede på isen, ser ein eigentleg kor stort dette vatnet er. Andre skiløparar er som små prikkar der dei tek seg innover på austsida av vatnet mot Tyinholmen.

Me la i veg over isen, som såg mest ut som opprørt hav etter mykje vind. Av og til høyrdest veldige brak i isen, noko som høyrest skumlare ut enn det i verkelegheita er.  Etter ein knapp time "gjekk me i land" ved Breikvam.  (Sjå lenger ned i teksten)

Vidare slak motbakke opp langs høgspentlina før me etter kvart runda austover og opp på baksida av Fonnkloppeggi. Her var det litt opp og ned før me enda på den midtre toppen. Det vart nistemat og varm drikke under bergnabben her  før me gjekk til fots bort på den austre og høgaste "kulen".

Eggi har tre toppunkt. Det austlegaste er det høgste, 1270 moh.

1270 moh er då ikkje nokon stor høgde, men her oppe på denne beskjedne ryggen kjennest det som om ein er midt  inne fjellheimen.  Det er eit flott rundskue. Langeleiskarnosi, Tyinosen, Buvassnosi, Raudenibba, Breikvamsnosi, Urdanostinden, Sagi, Langeskavlstinden, Slettmarkpiggen og heile galleriet vidare austover. Nærast i aust  på andre sida av Tyin, tronar Skølten. 

Ein tur opp dit skal me ha med oss ut på hausten.

Returen gjekk etter same løypa, avbroten av diverse drikke- og fotopausar.

Som de ser av tidene, forhastar me oss ikkje når me er ute på tur. Her må ein nyta kvar einaste augneblink!

Alternativt startpunkt er Tyinosen. 

Breikvam

GPS-spor til Fonnkloppeggi.Breikvam vart i tidlegare tider nytta som sommarshamn  for buskap som driftekarar frå Årdal hadde kjøpt opp og som skulle drivast vidare og seljast på austlandet. Her stod fleire steinbuer der gjetarane budde heile sommaren. 

I den korte sommarstida gjekk det gjerne 300-400 storfe og 40-50 hestar og meska seg i det saftige fjellgraset i  Breikvam. Her heldt dei til frå slutten av juni  til slutten av august. 

Då vart bølingen fyrste dagen driven ned mot Torolmen, over Skivarden, gjennom Grønna og til Nystova. Ferda gjekk deretter ned Valdres og til Gjøvik.

Arnfinn Vetti dreiv fedrift i Tyinområdet i fyrstninga på 1900-talet-talet. Byggmeister Ole Hestetun bygde ny bu (Tyin-bui) til han i 1914. Tyinbui vart riven då demninga på Tyinosen vart høga på slutten av 1950-talet. 

Fedriftene tok slutt for Årdølene sin del med Nils Vetti, som gav seg tidleg på tredvetalet.

Les meir om driftehandelen og fedriftene  i bygdeboka, band 1, side 341.

 

Til toppen