Helgaturen: Fremre Hjelledalen  

Mange har nok tidlegare teke turen opp langs den mektige Hjellefossen, men eg unner enno fleire å få sjå dette flotte dalføret med sine to flotte stølar, der alle stølshusa er sett i stand.

Dalføret strekker seg frå Hjelle gard og nesten over til Breikvam ved Tyin. DNT har merka sti opp dalføret og vidare mellom anna til Tyinholmen og Sletterust.

Me starta frå parkeringsplassen rett før Hjelle Gard i Utladalen kl 09:43. Straks over brua ved Hjelle ser me merkeskilta og stien som tek rett opp bakkane langs Hjellefossen. På denne tida og framover er fossen på sitt aller flottaste.

Helgaturen, Fremre Hjelledalen, Utsikt frå Bråtet

Det går bratt oppover til å byrja med og flatar ut fyrst når ein passerar Bråtet.

460 moh, der taubana endar, er det naturleg med fyrste pause (10:40).

Her er det flott utsikt og ein er ferdig med den brattaste stigninga. Til liks med vegen opp til Blåberggruvene er det lagt ned eit stort arbeid i stadnamnmerking heile vegen oppover langs den gamle stølsvegen som me går på.

Frå Bråtet går ein på god sti oppover til Heimre Hjelledalen (Vårstølen) (kl:11:03)

(Artikkelen held fram under kartet.)

Kart: Statkart via Peakbook.org med påteikna GPS-spor av J. Asperheim.
Kart: Statkart via Peakbook.org med påteikna GPS-spor av J. Asperheim.

Alle stølshusa, både på Heimre- og Fremre Hjelledalen er sette i stand og er nærast eit glansbilete. All ære til dei som har vølt og sett i stand stølshusa!

Her er det mange fine fotomotiv, så ein treng ikkje hasta vidare med ein gong.

Etter å ha  suga til oss alle inntrykka ruslar me vidare innover dalen. Ulsnanosi ligg på nordsida og Hovden på sørsida av dalføret.Helgaturen, Fremre Hjelledalen

Ved Fremre Leite (kl. 11:48) får me fyrste augekontakten me Fremre Hjelledalen, og vel to timar frå start står me på den opne bøen på stølen.

Mellom velstelte stølshus finn me roen og kan berre sitta å nyta synet av alt det vakre ikring oss. Flott natur, flotte hus og ei blå våryr elv som hastar forbi.

Dette er Årdal og Noreg på sitt beste.

Stølane.

I bygdebok for Årdal, band 1 kan me lesa:

"Hjelle hadde stølane Heimre og Fremre Hjelledalen. Her støla og husmennene under garden, Heimre og Fremre Hjedl og Øygarden. Timberslettplassane, Tråi og Lykkja som var plassar under Svalheim, støla og her. Dei i Lykkja kjøpte selet til Svalheimen då han slutta å støla der."

Til toppen