Helgaturen: Grønvassnosi  

Kl. 10.00 parkerte me ved avkøyrsla til stølen Murane i Fardalen. Målet for dagen var Grønvassnosi. Dette er ein grensetopp i Fardalsfjella mellom Årdal og Luster og ligg 1598 moh. Turfylgje denne gongen var Karin, broren Idar og eg.
 

Me tok opp på vestsida av brua der Tindevegen kryssar Fardøla, passerte Johannanosi og runda innover Kroken og vidare til til Kvannegrø. Der tok me opp ei tydleg skor i fjellsida der ein kan velja ur eller gras til underlag. Me gjekk opp grasbakkane og det gjekk heilt fint sjølv om det var litt bratt.

Vel oppe og forbi ei flate med ei fin tjørn skrådde me til venstre for å koma oss opp på fjellryggen. Her passerar me ei snøfonn. So er det opp ei kvit ur som ligg i eit lite søkk fram til ei ny snøfonn. Deretter var det greitt å gå innover høgdene på ur og stein mot dagens mål.

Me tok litt langt til venstre (vest) då me kom opp på ryggen for å “halda høgden”. Dette vart noko lengre enn naudsynt, så me burde nok ha gått meir etter høgaste ryggen fram mot Grønvassnosi.

Kart: Statkart  via Peakbook.org med innlagt GPS-spor av J. Asperheim.
Kart: Statkart  via Peakbook.org med innlagt GPS-spor av J. Asperheim.

Men Kl. 13 stod me alle på toppen. Det var flott utsikt mot Falkanosi (Luster) rett i sør og Korenosi tvers over Langedalen i aust. Elles ser ein både Skorsfjellet, Byttejuv og Gruvefjellet, for ikkje å gløyma Austabotntindane som ein har med seg heile vegen.

På heile vegen opp hadde torever og regn pusta oss i nakken, men då me kom på toppen løyste det seg litt opp. Regnvåt steinur med kartlav er ikkje det beste underlag ein kan tenkja seg.
 Difor bestemde me oss for å ta returen via Årdalslangedalen.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Utsikt nordover mot Jervvatnet.
Utsikt nordover mot Jervvatnet.

Me gjekk fjellryggen ned mot Hyttedalsvatnet (utan å sjå vatnet) men med flott utsikt mot Jervvatnet (Korevatnet) og runda ned i dalen så kjapt det let seg gjera, og då kom regnet. Godt var det då å vera ferdig med steinurane.

Det var triveleg å gå nedover den frodige Årdalslangedalen sjølv om det vart noko regn. Sauene stira på oss og lurte sjølvsagt kva slags tullingar dette var. Me tok ein snarveg over myrane ved Kroken det siste stykket på heimvegen og var ned att ved bilen når klokka var ti minuttar på fire.

Ein herleg tur i Årdalsfjella som kan tilrådast. Men hugs kart, kompass og evt. GPS som er OK å ha dersom vêret skulle slå om og skodda skulle koma. Då er det òg greitt at ein på førehand har lært å bruka utstyret.

Tips: Bruk kart og kompass når du er ute på tur i godveret. Det er god øving som kan koma godt med den dagen du verkeleg får bruk det. Kart over området og kompass bør vera obligatorisk utstyr i sekken.

Primærfaktor.

Grønvassnosi er ein av 63 toppunkt i Årdal kommune som har ein primærfaktor på minst 100 meter.

Ein primærfaktor på 100 meter (pf100) betyr at du må minst gå 100 høgdemeter ned for å koma opp på ein høgare topp. (Liste over pf100-toppar finn ein på nettsida peakbook.org. Her kan du melda deg inn og registrera turane dine, legga inn bilete, omtale m.m.)

Til toppen