Helgaturen: Gruvefjellet (Grøndalsfjellet)

Du kan starta denne turen frå fleire stader. Frå Torli i Seimsdalen eller frå Skihytta eller Stokkesete i Fardalen er dei tre vanlegaste startpunkta.
Denne gongen køyrde me til endes på Dalavegen i Seimsdalen og starta ved parkeringsplassen i Torli. Stien byrjar ved enden på snuplassen, til høgre.
 

Etter knapt ein time var me komne på stølen Feninga. Målet med turen var å merka ei farbar løype til Gruvefjellet. Frå Feninga vart me fleire i ”turlaget”. I tillegg til Karin og meg vart Kari E. Lysne, Håkon Seim Lysne og Hallvard Seim Lysne med. Håkon tok på seg å vera turleiar og kjentmann då han hadde hatt den rollen tidlegare for Søren Ve som skreiv om gruvedrifta i bygdeboka, band 1.

Kart: Statkart via Peakbook.org med innlagt GPS-spor og stadnamn (grøn skrift) av J. Asperheim.
Kart: Statkart via Peakbook.org med innlagt GPS-spor og stadnamn (grøn skrift) av J. Asperheim.

Merkinga med raud måling starta rett nord for stølshusa og me følgde stien opp mot Ryvatni.

Då det flata ut ved 1050 moh skilde me lag med stien mot Ryvatni for å gå opp og merka ein grei veg til Gruvefjellet om Vardanosi. Den nye vegen vart gåande grovt sett i nord-vestleg retning til me kom på Vardanosi. Her vart det ein liten stopp med litt kaffi og innskriving i Årdal turlag si bok for støls- og topptrim.

Etter Vardanosi, fylgde me høgdene innover i retning sør-vestflanken av Gruvefjellet og vestsida av høgde 1497.

Me gjekk etter kvart tomme for merkemaling, men planen er å merka ferdig ved snaraste høve. I alle fall syner GPS-sporet ein farbar veg til Gruvefjellet.

 

Gruvedrift

På fyrste halvdel av 1700-talet var det gruvedrift i Årdalsfjella. Det var Botolv Endreson Hæreid og Kristoffer Ingebrigtson Årebru som fyrst oppdaga malmførekomstane då dei i året 1700 var på reinsjakt på Grøndalsfjellet. 

Her oppe på Gruvefjellet er det restar etter eit heilt gruvesamfunn. Gruvegangar, store steintippar og restar etter bygningar vitnar om aktiviteten som var her for 300 år sidan. Det var heilårsdrift ved gruvene her og ein kan tenka seg vintersdagen i 1520 meters høgd midt oppe på den høgaste fjelltoppen i området. Barske arbeidstilhøve og barskt klima.

Du kan lesa meir om gruvedrifta i Bygdebok for Årdal, band 1 side 384.

 

Returen

Håkon tilrådde retur om Grøndalen. Dette vesle dalføret ber namnet sitt med rette. 1,5 til 2 km frå Gruvefjellet dreia me sør-vestover og ned bakkane mot Grøndalsvotni.  Her nede var det òg postkasse for Årdal turlag sin støls- og topptrim.

Me heldt fram nedover langs Ryvatni og var snart attende der me skilde lag med stien på tur oppover.

Snart kunne me sjå utover fjellstølen Feninga og Feningdalen. Vegen attende til Torli er grei, men som me har erfart, ikkje den turraste stølsvegen i Årdal.

Til toppen