Helgaturen: Heimre Årøydalen

Denne gongen skal me ta turen til Heimre Årøydalen, ein av dei gamle vårstølane i Årdal.

Her kan ein setja seg ned mellom dei mange selstuftene og drøyma seg attende til den gongen her var stølsdrift og yrande liv med hysdyr og folk. Alle stølshusa har gjeve tapt for tidas tann og talet på tufter vitnar om stor aktivitet attende i tida. 

Årøydalen er nabodalføret til Vikadalen på austsida. Det er eit kort og bratt dalføre som strekker seg 3 km innover til Årøydalsbotn. Mest heilt inne i Årøydalsbotn ligg fjellstølen Fremre Årøydalen. Stor vassføring i elva hindra oss i å koma dit opp denne gongen.

I biletgalleriet har me likevel teke med tre bilete frå ein tur me gjorde i mai 2001.

Turen startar på rasteplassen ved Fv53 innanfor Naddvik. Me kryssar vegen og går om lag 50 meter mot Årdalstangen. Der tek me rett opp mot ein fjellhammar. Denne er godt sikra med stålvaier og trinn og det er bra, for i regnver kan det vera glatt på slike stader.

Stien går vidare innover, parallelt med fylkesvegen eit stykke, samstundes som me vinn høgdemetrar.  Stien er merka med gul maling som ikkje alltid er så lett å få auge på.

Etter kvart går me i nokre svingar og får ein lang mur på venstre hand. Der legg me kursen utatt mot Årøyhaugen som er fyrste delmålet.

Artikkelen held fram under biletet.

Kart: Statkart via Peakbook.org med innlagt GPS-spor av J. Asperheim. Dårleg satellittdekning gjer at det vert ein del avvik på sporet.
Kart: Statkart via Peakbook.org med innlagt GPS-spor av J. Asperheim. Dårleg satellittdekning gjer at det vert ein del avvik på sporet.

Årøyhaugen var ein husmannsplass under garden Hovland. Her er eit flott område me rake einer og mange gamle hustufter. Ein liten stans her er heilt naturleg.

For å finna stien vidare må me setta kursen mot dei store bjørketrea heilt oppe til høgre ovanfor den store bøen. Her oppe mellom dei store trea er det tydleg at sauene har tilhaldsstad og det er greitt å få auge på stien vidare.  No er han tydleg og dels merka heilt opp til vårstølen.

Det er bratt oppover, men stien er god å gå likevel. På ein stad er det store mengder med mose på steinane og i terrenget. Truleg ikkje så mykje sol der.

Etter vel ein times tid kryssar me ei steinur som i regnver kan vera glatt å gå i.

Ein halvtime etter ura er me komne opp på Heimre Årøydalen.  Alle stølshusa er rasa saman og mest vekke, men steintuftene fortel om kor mange bygningar som eingong har vore her.  Men her er flott utsikt over fjorden og mot Kamben der stølsvegen til Hovland går.

Dette var vårstølen til husmennene i Årøyni og på Årøyhaugen, i tillegg til husmennene på Holeplassane i Vikadalen. (under Hovland)

Me set oss ned og nyt kaffi, niste, stillheit og ro. Den gamle stølsbøen innbyr til ei slik stund.

Etterpå prøver me oss vidare mot fjellstølen Fremre Årøydalen. På veg ned mot elva er det tydleg at det vert problem med kryssing, så det er berre å snu.

På veg nedover dalen att får me regn på oss, så det vert å ta det med ro på glatte steinar og trerøter.

Men etter tre og ein halv time er me attende på rasteplassen i Årøyni etter ein fin tur til ein stad der svært få årdøler har vore. (påstand)

 

Om Årøyni og ulukka.

Her kor rasteplassen no ligg, låg ein gong husmannsplassen Årøyni. Her budde det folk frå 1765.  Paul Paulson budde her med kona Anna Andersdotter  Årøyhaugen og fire av borna deira. I 1873 losna ei jordskreda av det ofselege regnveret og demde opp elvi framme i dalen. Og då demningen brast, kom ho med jord og stein og reiv bort alle husi på plassen. Paul med kona og dei fire borna gjekk med i skreda.

To andre born, Erik og Anders var tidlegare reiste til Amerika.

Sidan har det ikkje budd folk i Årøyni.

Kjelde: Årdal i Sogn, bygd og ætter av Jon Laberg.

Til toppen