Helgaturen: Hestedalsfjellet

Me har enno ikkje lagt skia på hylla for sesongen. I mai kan ein oppleva dei flottaste skiturane oppe i høgfjellet.

Tindevegen mellom Øvre Årdal og Fortun opnar for utrulege mulegheiter på dette området.  Etter ein kort biltur frå Årdal eller Luster er ein midt inne ein av Noregs flottaste fjellområder, sommar som vinter.

2000 meter-tindane står der som majestetar og lokkar dristige skikøyrarar til topps.

Helgaturen: Hestedalsfjellet. Utsikt mot Austabotntindane

Karin og eg skal  nøya oss med ein noko mindre krevjande tur,  men likevel flott og spanande. Me har aldri vore på Hestedalsfjellet før og der ligg spaninga. Nytt terreng og nye ruter.

I fjor på denne tida var me på Korenosi, ein omtrent like lang (kort) tur som denne, men då med atskillig mindre snø.

Me starta denne gongen frå bomstasjonen på Tindevegen, midt på Berdalsbandet. Kursen er nord-vest opp bakkane bak ”bommen”. Eit passeleg unnarenn ned mot sørsida av Holevatnet fører oss vidare ned på Hestedalsvatnet.

Inne i dalbotnen tek me opp til venstre til sørenden av Nonhaugvatnet. Deretter rundar me sørover og opp siste bakkane til Hestedalsfjellet. Fjellet har tre toppunkt som alle er omtrent like høge, 1420 moh. og me er no i Luster kommune.

Artikkelen held fram nedanfor biletet.

Kart: Statskart via Peakbook.org med innteikna GPS-spor av J. Asperheim
Kart: Statskart via Peakbook.org med innteikna GPS-spor av J. Asperheim

Klårver gjer utsikta fantastisk. Næraste store ”naboar” er Soleibotntindane og Austabotntindane. Her observerar me stor aktivitet. 14 personar er på veg opp ryggen på Store Soleibotntind og på Store Ringsting kan me telja 7 personar i himmelranda på toppen. I nord-aust stig Steindalsnosi og Fanaråken opp.

I sørvest ser me Hyttedalen og Hyttedalsvatnet med bratt terreng mest heilt rundt, og bak vatnet ser me Grønvassnosi, ein fjelltopp me delar med Luster.

Omtrent rett sør ser me den kjære Raudbergsnuten (Knipenborg) med sitt faste fylgje, Fosseken.

(Du kan bla deg gjennom bileta i toppen av artikkelen)

På returen vår var fleire fylgje på veg inn i området. Kjekt å sjå andre når ein er ute på tur!

Dersom ein heller vil ta turen på sommarføre, har Årdal gålag denne turen på programmet sitt 2. september i år.

Til toppen