Helgaturen: Hjelle-Avdalen-Gravdalen  

Ein tur eller to til Avdalen om sommaren er vorte nærast ein tradisjon for oss, men det er ikkje kvart år me tek turen opp til fjellstølen Gravdalen. Denne gongen tok me turen heilt opp der tre restaurerte stølshus prydar den opne store bøen.

Turen startar frå parkeringsplassen rett før brua på Hjelle. Herfrå fylgjer me Folkevegen over Skorabrui og forbi Naturhuset under Skori. Vidare går vegen over Johanna-brui og etter kvart kjem Avdalsfossen til syne.

Gjennom den store ura får ein seg som regel ein dusj frå govet av fossen, i allfall på denne tida av året.

Oppe ved enden av ura kryssar me Utla nok ein gong over Avdalsbrui.  Her, rett over brui fortel eit stort skilt oss vegen vidare opp til Avdalen. Flott sti oppover der sherpaene har vore og laga steintrapper på dei mest utsette stadene gjer at turen til Avdalen er ein fin tur sjølv for den yngre garde.

Etter 50 minuttars gange kjem me til grinda, og der kan ein gå bort til den gamle husmannsplassen Hagaberg. (317 moh).

Etter litt over ein time er me oppe på høgdegarden Avdalen, 386 mho. Her kan ein få kjøpt både mat og drikke og det er råd å overnatta om ein vil.

Det vert ein liten stopp her før me ruslar vidare oppover der me tek ein titt på Kvernhuset oppe ved brua.  På andre sida av elva kjem stien opp frå Avdalsskori.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Kart: Statkart via Peakbook.org. Påteikna GPS-spor av J. Asperheim. Både normalruta og ruta om Avdalsskori er innteikna.
Kart: Statkart via Peakbook.org. Påteikna GPS-spor av J. Asperheim. Både normalruta og ruta om Avdalsskori er innteikna.

Me held fram oppover og ved Kvile (460 moh) er det ein flott kvilestein som me berre må prøva.

Neste stadnamn me møter på er Løeslettet, og like etter er me komne opp der stien tek av til Stølsmaradalen. Me er då i 530 meters høgde.

Knappe 10 minuttar etter er me ved Vårstølen. Stien rundar til venstre under stølen og me kryssar Slufsedøla på ei trygg bru. Stien held fram utover lia i passe fin stigning.

Så kjem me til Haustlømyrane der det ein gong var ei ”kvia” å koma forbi på grunn av vått og sølete terreng.  No er det lagt ned mange steinar her så det er fint å gå.

Ved Brattbakkehella vert det som namnet antydar, brattare, men når me passerar Skostein er me ferdige med siste kneiken. No flatar det ut opp mot stølsbøen og me er oppe ved stølshusa kl 12:30,  2 timar og 34 minuttar etter start. Stølen ligg på 852 moh.

Gravdalen. I nord dukkar Austabotntindane opp.
Gravdalen. I nord dukkar Austabotntindane opp.

Det er flott å koma opp på Gravdalen. Her er det tre restaurerte stølshus. Det øvste som er Svalheimsselet, har Årdal Turlag til rådvelde. Her er det DNT-lås på døra. Flott utsikt mot Falketind, Stølsnostind og Stølsnosbreen i aust og innerst i dalen i nord dukkar Austabotntindane opp.

Parkeringsplassen ved Hjelle ligg på om lag 70 moh, så ikkje langt unna 800 høgdemeter me har gjort unna på denne turen.

Alternativ rute.

Dersom ein ikkje ører i hovudet eller har høgdeskrekk, kan ein velja å gå Avdalsskori enten opp eller ned til Avdalen.

Dette er ein svært utsett veg som ikkje er egna for born eller dei som har høgdeskrekk eller dårleg balanse. Det er om lag 180 meter rett ned i den fossande Utlaelvi og mange stader er det smalt å gå. Forbi den såkalla Jo-galden er det berre ein halvmeter brei sti, og utanfor der er det ”rett ned”.  På mange måtar er det råd å skjøna kvifor ikkje denne stien er merka og marknadsført.

Alternativ rute om Avdalsskori
Alternativ rute om Avdalsskori

Avdalsskori var den gamle tilkomstvegen mellom Avdalen og resten av bygda.

I bygdeboka, band nr 1 står det: ”I det om lag loddbeine berget mellom garden Skori og Avdalen går det ei 2-3 meter brei skor. Ho er bortimot 300 meter lang og stig med ca. 1:10. I lang tid var ho den einaste veg i låglandet fram til garden Avdal.”

I ein bilettekst i same artikkelen står det: ”Fjellet er like stupbratt på nedsida som på oppsida”.

Ansvar

Den som vil ut å gå i naturen må velja turar etter eigne evner og dei må ta ansvar for eigen tryggleik på turane.

 

Sjå stort biletalbum ved å klikka på pila i nedre høgre hjørne på oppslagsbiletet!

Til toppen