Helgaturen: Kolabotnrunden

Med mykje attliggande snø i fjellet var me usikre på korleis det var å ta seg fram på desse traktene no. Det var berre ein måte å finna ut det på, nemleg å gå turen.

Me starta turen i Ofredalen, frå vegkrysset der vegen til Aosahytta (Seimsåsen aktivitetssenter) tek av frå Ofredalsvegen (663 moh).

I området her går det greitt å setta frå seg bilen.

Klokka er 08:52 og me går nedover Ofredalsvegen. 170 meter lengre nede ved ei lita utkøyrsle tek stien opp lia. Ei stor furu med raudt merke visar kvar stien startar.

Etter snautt 300 meter går ein tømmerveg til høgre. Den er det lett å pensa inn på, men me held oss på stien som svingar litt til venstre.

Det er god sti oppover og det er raude merker med jamne mellomrom.  Etter 400 meter kryssar me fyrste bekken. Like etter er det ei lita myr på høgre sida som er full av blomar av alle slag.

Det er fin sti oppover, og på langt nær så bratt som me er vande med elles i Årdal. Oppe i bakkane møter me ei kjempestor rotvelte etter stormen Dagmar. Det er og ein del mindre tre som er velta over stien.

 

Store bekkar

Etter to-tre små bekkekryssingar og ein halvtimes gange kjem me til Kolabotngrovi. Stien kryssar normalt grovi her og fortset opp til høgre rett på andre sida. I dag er det mykje vatn og me tek ikkje sjansen på å kryssa dei frådande vassmassane. Etter fleire forsøk oppover langs grovi gir me opp og konkluderar med å halda fram på sør-aust sida heilt opp til Kolabotnvatnet. På den måten slepp me ei ny tvilsam kryssing oppe ved vatnet.

Me går på sti (kanskje), hjorte- og sauetrakk vidare oppover, og ved nokre store steinar/sva vert det drikkepause. Her er det flott utsikt til Langedalen, Bermålsnosi, nedover Ofredalen og Fagerbu.

Klokka er 9:50 og me har gått 1,85 km.  Høgda er 950 moh.

Neste etappe vert til ein høveleg plass ved Kolabotnvatnet for å setta seg og få seg litt mat. Det vert kryssing av nokre snøfenner som er faste og fine og gå på.

Kl 10:15 er me oppe ved osen på vatnet som framleis ligg isdekt. Me har då brukt 1 time og 25 minuttar frå start. Kolabotnvatnet ligg på 1001 moh.

Litt opp i bakkane vert det mat og kaffi.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kart: Statkart via Peakbook.org med påteikna GPS-spor av J. Asperheim.
Kart: Statkart via Peakbook.org med påteikna GPS-spor av J. Asperheim.

 

Neste etappemål er Bjørnaholten

Me held fram opp bakken sør for vatnet og nedatt i ein liten dal med ditto tjørn.  Me kryssar bekken rett nedanfor tjørna, vidare

opp ein brattare bakke opp mot Bjørnaholten. Det ligg att ein god del snø, så her er ikkje nokon sti å sjå.

Terrenget flatar ut litt etter kvart og kl 10:55 var me oppe på Bjørnaholten som ligg 1085 moh.

Her er det og turlagspost som me sjølvsagt må skriva oss inn i. (Årdal Turlag sin støls- og topptrim)

Etter ein kort pause rusla me ryggen sør-vestover og etter kvart meir sørover. Her er det stimerking av ymse slag og vegen er grei å finna.

Me kjem straks ned i skogbelte med fjellbjørk og lukt av sommar frå lyng og blomar. Ved ei lita tjørn måtte me berre setta oss ned og nyta tilværet. Heilt stilt, god temperatur, flott natur og gode lukter. Der går resten av kaffien med.

Skogen vert tettare og grøvre nedover og kl 11:54 er me nede på skogsvegen på Seimsåsen.

Kl 12:05 er me på Aosahytta og kl 12:30 er me attende ved bilen og utgangspunktet.

Om stadnamna

På eldre kart står det Kolabotnvatnet og Kolabotngrovi. På nyare kart står det Kolabottsvotni og Kolabottsgrovi.

I stadnamnkatalogen for Årdal står det Kolabotngrovi.

Biletgalleri

Sjå alle bileta ved å klikka på pila nede høgre kanten av oppslagsbiletet.

Til toppen