Helgaturen: Kvannetjørni - Graveskarnosi

Me er no godt og vel halvveges inn i "Friluftslivets år" og det er sikkert mange som er i god form etter kvart. Presse og kringkasting fortel om rekordstor utfart i fjellet trass i dårleg ver og framleis mykje snø. Det er flott at fleire har fått augene opp for kor fint det er å gå i den norske naturen!
 

Denne gongen går Helgaturen til Kvannetjørni, ein uvanleg fin og idyllisk plass. Dette var i si tid fjellstølen til Moa-garden. Dei hadde  tidlegare fjellstølstøl  ved Engjesetvatnet litt lenger vest, men han vart på eit tidspunkt flytt til Kvannetjørni. Selet er sett i stand og teke godt vare på.

Stien til Kvannetjørni startar ved austenden av garasjen på brøytestasjonen ved Holsbruvatnet. Han går forbi på høgre sida av hytta som ligg tett ved.  Sidan banar han seg fram både i grov og fin ur medan det stig jamt bratt oppover.  

Me passerar under ein stor fjellhammar/fjellvegg, og her i bakkane er det eit mangfald av blomar som me knapt har sett maken til. Nokre av dei har me aldri sett før.

Det er fin utsikt attende over Holsbruvatnet og bort mot Tunnelvegen (Gamlevegen) og steintippane ved innslaga der me går opp bakkane.

Det er ein frodig flora opp bakkane mot Kvannetjørni. Er det nokon som veit kva denne planta heiter?
Det er ein frodig flora opp bakkane mot Kvannetjørni. Er det nokon som veit kva denne planta heiter?

Me kjem etter kvart opp på eit langt sva og i horisonten ser me ein stor stein. Då er det ikkje langt att før det flatar ut bort mot tjørni og der oppe på høgdi får me eit flott skue mot stølen. (ca 1080 moh)

Stien går vidare på høgre sida av tjørni og etter ein liten time er me framme ved selet. Der møtte me Svein Jarle Moen og Terje Nyheim i full sving med å hogga ved.

Desse karane rådde oss til å ta turen vidare inn dalen til Graveskarvatnet og Graveskarnosi. Sidan me likevel var i gang og veret var glimrande, tykte me det var eit godt forslag. Så etter ein god prat og ein del fotografering rusla me vidare.

Me kryssa så bekken omlag 100 meter ovanfor selet og heldt fram oppover på høgre sida på umerka sti. Etter ein halvtime frå stølen kom me inn i ein botn og etter ein liten kneik fekk me augekontakt med Graveskarvatnet (1294 moh). Langt baki der dukka og Austabotntindane og Store Ringstind opp.

Me fylgde høgre sida (sørsida) på vatnet, via ein liten fjellknatt, heilt til endes og litt attende på andre sida. Der stega me over ei grov ur og gjekk rett opp ein fin grasbakke til me kom oppunder fjellet. Der fylgde me fjellfoten i nord-austleg retning nesten til toppen.

Me var oppe ved den vesle varden (ca 1483 moh) etter 2 timar frå stølen. Her oppe var eit flott rundskue. Breibottsvotni, Noreknipen, Søreknipen og Vetleknipen i aust. Berdalseken og Raudbergsnuten i sør-vest og Engjesetvatnet, Åsenosi  og Hovden i vest.  Og i nord tronar Hurrung-tindane og Vest-Jotunheimen!

Artikkelen held fram under biletet.

Kart: Statkart via Peakbook med påteikna GPS-spor av J. Asperheim
Kart: Statkart via Peakbook med påteikna GPS-spor av J. Asperheim

Me la returen på nordsida av ryggen, som fører opp til Graveskarnosi. Nede i ein botn svinga me sørover og kom rett ned på utløpet på vatnet, kryssa elvi og kom inn på same vegen som me gjekk opp. (sjå kartet)

Me måtte gå over nokre fenner, men det var uproblematisk. Snøtilhøva i fjellet er heilt uvanlege i år og me  veit ikkje korleis det er i området pr. i dag. Me gjekk denne turen 27. juni 2010, altså ein månad tidlegare enn i dag, så snøtilhøva burde såleis ikkje skapa noko problem.

 

Til toppen