Helgaturen: Kvitingsmorki  

Turen denne gongen startar ved plassen Sagi utanfor Vikadalen.  Det fyrste som me får auge på der stien startar er orienteringstavla om naturreservatet me no skal gå inn i.
 

«Helgaturen» på Porten.no er ikkje nokon organisert tur, men meint som eit turforslag for å få folk ut i den flotte Årdalsnaturen.

Etter å ha skaffa oss informasjon om området legg me av garde oppover bakkane på god sti gjennom barskogen.

Etter ein halv time  kjem me til nokre brattare sva, ”Svåene” , men det er laga gode trinn  på dei brattaste stadene så det er fint å gå . Me passerar Sandhaug og etter tre kvarter kryssar me Løypegrovi.   Me er då på 417 moh.  I høgdemeter er det om lag halvgått.

(Artikkelen held fram under kartet)

Kvitingsmorki, GPS-spor

Vidare oppover kjem me til stova på Tågi (Tågestova) . Dette var ei tømmestove som vart brukt mykje i samband med skogsdrift i området og elles til kvileplass. Restane av stova er no demontert og teke vare på, og det er plan om å setta ho oppatt.

Så ber det oppover Tågebakkane og me går vidare gjennom eit belte med trolsk skog med langt skjegg på greinene.

Me passerar Kloppemyri, og etter få minuttar er me inne på stølsbøen. Fine istandsette sel ynskjer oss velkomne til denne flotte stølen. Fint å sjå at dei gamle stølshusa vert tekne vare på.

 

Stølsdrift.

Det var husmennene under Natvik-garden som stølte på Morki. I fyrstninga sat dei der heile sommaren.  Men i 1864 bygde dei på Smørhola og sidan sat dei der i 6 veker kvar sommar. (Bygdebok for Årdal, band 1)

Kvitingsmorki naturreservat.

Fylkesmannen godkjende forvaltningsplanen for Kvitingsmorki naturreservat 20.12.2012.

I forvaltningsplanen kan me lesa mellom anna:

Kvitingsmorki naturreservat i Årdal kommune vart oppretta 17.12.1999 som ein del av verneplan for barskog i Vest-Noreg. Formålet med vernet er å sikre eit skogområde med alt naturleg plante- og dyreliv. Ein særskild kvalitet er at området utgjer eit stort, samanhengande skogområde med eit stort mangfald av vegetasjonstypar, og med ein skoggradient frå fjord til fjell.

Kvitingsmorki naturreservat strekkjer seg frå Fv53 ved Årdalsfjorden opp til fjelltoppane over 1100 moh. Naturreservatet omfattar dalføret som omkransar Sagaelvi, og dekkjer store delar av nedslagsfeltet til vassdraget.

Furuskogen i Kvitingsmorki naturreservat representerer den typiske barskogmosaikken for indre fjordstrok. Dei øvste delane har urskogpreg, medan dei nedste delane i større grad er prega av hogst fram til 1950-åra.

Furuskogen er representert med ein samanhengande gradient frå fjorden til 870 m.o.h. Ein finn enkeltståande tre opp til 1000 moh. i naturreservatet, og dette kan vere den høgastliggjande furuskogen på Vestlandet. I naturreservatet er det og mange kulturminne.

Til toppen