Helgaturen: Kyrvassnosi  

Dette er ein herleg tur i Fardalsfjella sjølv om rutevalet ikkje er den snaraste vegen til målet. Men som Torhild Lindland sa: " De må gå om Åsete for når då Austabotntindane dukkar opp i horisonten er det berre eit fantastisk syn"

Og det skal vera visst. Torhild hadde rett. Me angrar slett ikkje på rutevalet sjølv om turen tok over seks timar og var nesten 14 km lang.

Me parkerte ved skihytta i Fardalen kl 10:29. Gjekk attende mot Øvre Årdal 150 meter og tok inn på stien på nordsida av Åsetelvi. Det er jamn stigning på god sti oppover.  Etter berre ein halvtime måtte me stoppa og betrakta eit flott lite fossefall i elvi.

Kl 11:20 er me oppe på stølen Åsete 925moh. (Meir om Åsete nedst i artikkelen)

Her vert det ein stopp og ein titt rundt på gamle og nye bygningar. Etter pausen kryssar me elva på trygg bru og held fram på stien til me er på 980 meters høgd, der me kryssar elva på ny. Me føl stien vidare til 1060 meters høgd der me tek av i nord-nordaustleg retning, opp eit dalsøkk og fram mellom Åsetnosi (1314) og høgde 1250. Her er det flott utsikt mot målet vårt og mot Kyrevatnet.

Via venstresida av ein smal rygg kjem me oss opp på ryggen som skal føra oss på stein og ur opp til Kyrvassnosi. Etter kvart dukkar dei opp desse flotte tindane våre. Rett aust ser me majestetane i Morka-Koldedalen; Stølsnostind, Falketind og Hjelledalstind. Så får me auge på tinderekka i Hurrungane med Centraltind og Styggedalsryggen og brått dukkar Austabotntindane opp.  Og midt mellom dei to Stølsmaradalstindane kjem sjølvaste "Storen" til syne. Då forstod me kva Torhild meinte då ho tilrådde denne ruta.

Etter kvart ser me meir og meir av desse flotte naboane. Her har me nemleg orkesterplass!

Vel framme på Kyrvassnosi er det ein staseleg varde ute på den sør-vestlege ryggen. Som så mange andre stader står ikkje varden på det høgaste punktet. Varden står på 1564moh og høgaste punktet er 1567moh, omlag 650 meter i nord-vestleg retning.

Artikkelen held fram under kartet.

Kart: Statkart via Peakbook.org med innlagt GPS-spor av J. Asperheim
Kart: Statkart via Peakbook.org med innlagt GPS-spor av J. Asperheim

Dersom ein vel ei alternativ rute, som er opp frå Gravdalsbandet, vil ein støyta på høgaste punktet med ein gong ein kjem opp fjellryggen.

Ved varden er det turpost (støls- og topptrim) og me skriv oss sjølvsagt inn i boka. Her vert det ein lengre kvil med mat og kaffi. Me nyter utsikta og oppdagar mange personar på toppeggi på Store Austabotntind.

Strålande ver fører til mykje fotografering før me vender nasen heimatt. Returen legg me vestover frå varden eit lite stykke (ca 400 m) før me ruslar sørover ned bakkane mot Kyrevatnet.

Frå Kyrevatnet føl me vestsida av elvi heile vegen ned att til stølen.

Kl 16:50 set me oss i bilen.

Kjempeflott tur i eit utruleg bra turområde som kan tilrådast på det varmaste!

Me gjekk turen 24. juni 2014, så det kan vera stor skilnad på snøtilhøva i dag mot dei som me ser på bileta.

Kom ut av godstolen, for laurdag er "Fjellsportens dag" !

 

Stølen Åsete

I ein artikkel i "Årdal før og no" nr 42 skriven av Jon Einemo har me saksa fylgjande:

Åsete i Fardalen var fjellstølen (sommarstølen) til hovudbruket i Øvstetun, Øyri ( to bruk frå 1783) og Haugadn under Midtun.

Stølen ligg 929 moh, han er vestvendt med fin utsikt mot fjelli på hi sida av Fardalen og har god solmeie. Men beiti var berre av middels kvalitet, og på resten tok det til å minka so mykje på bjørkeskogen at dei måtte spe på med turke torv som brensel. Då kløvja dei bjørkeved til kveikje like frå Høysete.

Kor tid Øvstetun og Øyri tok til å støla der oppe, veit eg ikkje. Men dei kan ha vore der frå "arilds tid". Haugadn kom truleg til då bruket vart utskild i 1769 medan Tomas-Øyri kom til då Øyragarden vart delt .

Til å begynna med var alle seli mura, og restane etter dei er framleis godt synlege. Men kring 1900 (?) vart dei erstatta av nye tømrasel der det eina (Haugadn sitt) vart flytt opp frå Stokkesete med hest og slede om vinteren. Dei var bygde i tradisjonell stil med skot og innsel og var plasserte slik i lendet at dei fekk fjøs i kjedlaren. Taki var av torv. men på resten vart dei, med unntak av selet til Lars-Øyri, erstatta med bølgjeblekk. Det var og eit torvhus (Haugadn sitt) på hi sida av elvi.

No er det berre Øvstetunselet som står att i si opprinnelege form, men muren under det tek til å bli skrøpeleg. Selet til Tomas-Øyri har Sverre Willy Johansen bygd om til ei hytte, Lars-Øyri sitt vart rive for nokre år sidan (muren står att), og Haugaselet leid same skjebne då Nils Midtun sette opp den nye hytta på midten / slutten av 1980-talet.

Stølen var vanlegvis i bruk frå fyrst i juli til fyrst i september månad. Barbro på Melheim fortalde meg ein gong at det var vanleg at alle som stølte i Fardalen, flytte ned att til Åresete fyrste tirsdagen eller fyrste fredagen i september. Det berre var slik, sa ho. men dette kan ha opphav i den gamle skikken som sa at ingen måtte vera på fjellstølane etter Gamle Barsok (5. september) for då flytte dei underjordiske inn.

Til slutt kan eg nemna at desse bruki hadde so stor buskap at budeiene måtte koka to ostekjelar om dagen og at han var i bruk til sist på 1940-talet / fyrst på 1950-talet med Øvstetun (?) som dei siste. men graset på kvei vart slege nokre år til, og beiti vart nytta av gjeldbeist og ungfe.

Til toppen