Helgaturen: Middagshaugen

Endeleg er det såpass snøfritt i området at me kan prøva oss i litt høgare områder. Valet denne gongen vart Middagshaugen. Varden som ligg på 1122 moh er eit flott utsiktspunkt  i alle himmelretningar.
 

I turfylgjet er Jørgen, Morten, Idar og underteikna. Me startar ved vassbassenget øvst oppe på Haugane ("Tippen").  Sjå rettleiing i boks til høgre korleis du tek deg fram dit.

Her er det plass til to-tre bilar men ikkje steng tilkomsten for kommunale tenester som har tilsyn med vassbassenget.

Fyrste delen av turen går til Finnsåsen (Åsen) som er presentert tidlegare under “Helgaturen”, men me skal ta med dei viktigaste punkta i denne artikkelen òg.

Starten på stien er rett opp bakken når me stig ut av bilen.

Johnny Hovland har hengt opp orienteringsskilt på eit tre, og merkt opp heile løypa til Finnsåsen. Han har og lagt ut tauslynger til å halda seg i på dei brattaste stadene. Flott gjort!

Etter knappe 10 minuttar frå start kryssar me bekken som kjem frå Geisdalen og Kyrfoss. Her er det grei sti retning sør, rett opp bakkane mot nordveggen på Åsen. Når me nærmar oss fjellveggen bøyger stien av til venstre med litt mindre stigning.

Innover lia på  austsida av Finnsåsen går stien i passe stigning med innslag av "rett opp - parti".

Det er elles bratt terreng både ovanfor og nedanfor stien, så ein bør ikkje koma på "rult" her.

Siste stykket går greitt, og med det same me kjem opp på flata ser me stien vidare mot Middagshaugen til venstre og ut mot toppunktet på Finnsåsen til høgre.

Kart: Statkart via Peakbook med innteikna GPS-spor av J. Asperheim.
Kart: Statkart via Peakbook med innteikna GPS-spor av J. Asperheim.

Pust i bakken

Me tek oss ein pust i bakken på utsiktspunktet på Finnsåsen og skriv oss inn i boka i til “Finnsåsens vener”.

Utsikten er flott utover Årdalsfjorden, Kolnosi, Bermålsnosi og innover den stupbratte Geisdalen.  Åsen ligg 501 moh, og i dag har me brukt 1t og 9 min opp. Gått distanse er berre 0,67 km, med det er bratt, så det vert nokre meter lengre enn om ein måler "flatt" på kartet.

Etter pausen går me attende til vegskilje, og held fram rett sørover opp heile fjellryggen mot Kjeringskaret.  Her veks ganske store furutre opp i 700 moh, men bjørk og osp er dominerande. Me tek oss opp to-tre  litt brattare kneikar før det flatar ut mot “Skardet”. Den fyrste kneiken i 577 meters høgde etter 4,6 km gange.

Etter 2 timar og 46 min. er me  oppe i Kjeringskardet. Her kan ein få skikkeleg magasug for her ser me rett ned i den bratte Kleppurdi.  Skardet ligg på omlag 870 meters høgde.

Eit foto som syner fjellstykket som ramla ut i 1983 er hengt opp på eit tre.  Eg har ein aning om at  Johnny Hovland er “far” til dette. Flott info!

Etter “Skardet” vert det bratt.

Her må ein bruka både hender og føter det fyrste stykket. Lengre oppe er stien lagt lengre "inne på land” frå sist eg var her. Eg minnest han gjekk rett  forbi fundamentet til høgspentmasta den gongen.

Lurt å legga han lenger innpå, for det var nifst nok utpå der han gjekk tidlegare.

Det flatar ut etter kvart, og me føl venstre kanten av snøfonna som ligg att, nesten opp til varden. Dei siste 50 metrane er det bart. Me er oppe ved varden på Middagshaugen 1122 moh kl 12:38 og me brukte 3 t 34min opp. Gått distanse er 2,88 km. (GPS)

Me nyt nista og utsikten i flott, stilt sommarsver, og sjølvsagt vert det tekne mange bilete pluss litt video.

Til toppen