Helgaturen: Moakamben (Kamben)

Kamben er eit lett tilgjengeleg turmål, og dei som bur i Øvre Årdal treng ikkje eingong setta seg i bil for å nå målet.
Likevel er det nok mange som ikkje har teke turen opp til dette flotte utsiktspunktet nesten i sentrum av Øvre Årdal.

Årdal gålag hadde lagt sin fyrste sommarstur til Kamben, så me slo oss med på denne turen.

Turen gjekk av stabelen i ruskever med heile 44 deltakarar, så folk er tydelegvis gira på å koma i gang med sommarsturane.

Frå start

Me starta på den store parkeringsplassen rett under Moa.

Mange alternative vegar fører til toppen av Kamben, men turleiar Gunvor Nordås hadde på førehand funne eit alternativ utan for mange bratte og glatte kneikar.

Løypa går opp bakken bak parkeringsplassen og tvers over grassletta, bort til skogbrynet. Herfrå er vegen tydeleg i terrenget, for her ferdast mange personar gjennom sommarshalvåret. Snart var me borte i søkket mellom Fuglåsen og Kamben (Åsane) og møtte vegen som kjem opp frå Lykkja.

Vidare oppover gjekk me på Utladalssida av Kamben. Midtvegs oppe i bakkane kryssa me over til Moasida og følgde den vegen heilt opp.

Og flott utsikt er det når ein kjem heilt fram på kanten av Kamben. Her har Årdal Turlag trimpost og ein må sjølvsagt skriva seg inn i boka.

Artikkelen held fram etter biletet.

Kart: Statkart med påteikna GPS-track av Jonny Asperheim
Kart: Statkart med påteikna GPS-track av Jonny Asperheim

På returen gjorde Ivar Seim og eg runden om høgaste punktet for å notera oss eit besøk på den enklast tilgjengelege “Pf 100” toppen i Årdal kommune. (sjå meir om “Pf 100” sist i artikkelen)

Alle kom velberga nedatt og nista vart fortært i lett regnver på Ytre Moa, like ved vikingtuftene.

Alternativt startpunkt kan vera ved brua som kryssar Utla ved Ålmennhagen og gå dei nesten 200 trappetrinna opp på Ytre-Moaplatået og så vidare derifrå.

Ein kan òg starta ved plassen Lykkja litt lengre framme i Utladalen.

Primærfaktor (forkorta til Pf) er eit mål på kor mykje ein fjelltopp hevar seg i høve til terrenget omkring.

Primærfaktor (forkorta til Pf) er eit mål på kor mykje ein fjelltopp hevar seg i høve til terrenget omkring.

Ein topp sin primærfaktor er høgdeforskjellen fra toppen ned til det høgaste skaret som fører til eit høgare fjell, og angir dermed kor mange netto høgdemeter ein minst må gå ned for å koma til ein høgare topp.

Dette er ein måte å måla eit fjell sitt sjølvstende på eller kor “prominent” det er, som ein sier på engelsk.

På Peakbook.org finn du mellom anna liste over dei 63 toppane i Årdal kommune med primærfaktor på 100 meter eller meir (Pf 100).

Kamben er ein av dei 63 som står på denne lista.

 

Peakbook er elles eit flott online-program der du kan registrera turaktiviteten din på di eiga heimeside.

Innom ei viss avgrensing er programmet gratis å bruka. Du kan skriva turrapportar, legga inn bilete og du kan fylgja med andre vener og medlemmar sin turaktivitet.

Med andre ord eit glimrande verkty for turgåarar og fjell- og friluftsinteresserte!

Klikk deg inn på Peakbook.org her og sjå sjølv

Til toppen