Helgaturen: Ramneberg

Ramneberg er for tida det ”hottaste” turmålet med utgangspunkt i Øvre Årdal. Det har til tider vore tilløp til kø oppover bakkane frå torget og opp mot dette fantastiske utsiktspunktet.
 

Utgangspunktet er torget i Øvre Årdal. Opp Mjøbakken vert ein tøff start (ala Mørdarebakken), men mist ikkje motet. Vel 100 meter etter husrekka tek du av til venstre (80moh) frå asfaltvegen og kjem inn på  fin sti som er godt merka. Dette skal vera gamle gangvegen opp til skytebana i Mjøen seiest det. På 160 meters høgde passerar du standplassen på skytebana til Farnes skyttarlag. Her kan ein til tider høyra smell av geværskot, men stien går godt utanfor faresona så ein treng ikkje uroa seg for det.

Her går stien noko flatare gjennom skog av småbjørk før han stig meir og kjem over i ur og fjell.  Siste kneiken verkar nok litt bratt sett nedanfrå, men når ein kjem nærare innpå så løyser det seg opp og det er greitt å ta seg fram likevel.

Det er flatt bortover før ein er framme ved utsiktspunktet eller ”Bringestein” som det vert kalla. Her skal ein ta det særs med ro for her er det bokstaveleg tala rett ned. Eit feilsteg ut på kanten her vil ha fatale fylgjer!

Men du har flott utsikt om du ikkje går heilt fram på kanten òg, så ta ingen sjansar.

Me gjorde ein liten snue høgare oppover mot Botnanosi, men data for turen gjeld opp til ”Bringestein”.

Kart: Statkart via Peakbook.org med påteikna GPS-spor av Jonny Asperheim
Kart: Statkart via Peakbook.org med påteikna GPS-spor av Jonny Asperheim
Til toppen