Helgaturen: Raudbergsnuten via Middagshaugen

Raudbergsnuten er ein av postane på det nye støls- og topptur programmet til Årdal Turlag og slik sett kan det vera greitt å skildra ei mogeleg løype til dette mektige fjellet.

Turen vår starta 6. september 2015 kl 06:11 i "Vasstaket" på Haugane på Årdalstangen. Ein må starta tidleg om ein skal på langtur. I turfylgjet var Anders Fredheim, Morten Asperheim og underteikna.

Fyrste etappe var opp til Finnsåsen. Dette er ein grei etappe med mykje brukt og godt merka sti. Kl 07:03 var me oppe på utsiktspunktet.

Etter væskepåfyll bar det rett sørover ryggen på god sti mot Kjeringskaret. Her vert det alltid fotografering før ein tek til på bratta opp til Middagshaugen. Klokka var 09.12 då me var oppe ved varden. Her vart det frukostpause før me gjekk vidare.

Neste mål var Munkenosi, 1587 moh. Slakk fin stigning eit stykke før me dreia austover til litt brattare terreng med dels fast fin snø å gå på. Klokka 10:35 sto me på Munkenosi. Her er det flott utsikt mot fjelli vest for Vikadalen med Middagshaugane, Storevatnet, Høgenos og terrenget kring Kvitingsmorki.

No var me komne så høgt at me såg dei andre turmåla lenger aust som me skulle innom. I denne høgda minkar det på vegetasjonen og berre ei og annan issoleie og stivt fjellgras friska opp i det steinfylte terrenget. Men det er lett og fint å ta seg fram på slikt underlag og ein føler seg umåteleg lett og fri med flott utsikt 360 grader rundt.

Ned eit søkk og oppatt på andre sida og vips, kl 11:20 sto me på Klypedalsnosi, 1602 moh. Klypedalen strekker seg ned mot Nysetvassdraget og me kan augna anleggsvegen nedover mot Riskallsvatnet.

Artikkelen held fram under biletet.

Kart: Statkart via Peakbook.org med innlagt GPS-spor av J. Asperheim.
Kart: Statkart via Peakbook.org med innlagt GPS-spor av J. Asperheim.

Me har neste delmål i kikkerten, nemleg Avdalseken. Her må me runda litt nordover att for å koma ut på høgaste punktet. Snø og is hadde fore ille med varden, så me tok oss jobben med å reisa han oppatt. Klokka var no vorten 12:20.

I sørhellinga under toppen vart det ein matbit før me sette kursen mot Raudbergsnuten som var siste og høgaste punktet på turen. Her kom me i kontakt med nysnø, men ikkje meir enn at det gjekk fint å gå. Krampe i ein fot til underteikna senka nok litt framdrifta opp mot toppen, men det gjekk over og kl 14:07 var me der, 1806 moh. Me nytte utsikten og leska oss med drikke og sjølvsagt vart det ein del bilete som måtte takast her og.

So bar det nedover den lange fjellryggen mot Avdalen. Fint og slakt til å byrja med men brattare etter kvart. Flott utsikt mot Bøttejuv, Skorsfjellet og Berdalen. Siste stykket av ryggen før det flata ut ned mot dei gamle stølstuftene var ein særs bratt grasbakke, men med god vegetasjon å halda seg i gjekk det fint å ta seg ned.

Artikkelen held fram under biletet.

Raudbergsnuten sett frå sør (Nedre Tverrberget). Det går fint å ta seg opp renna heilt i høgre flanken av toppen dersom ein vel alternativ rute Valdresdalen- Vikadalsvatnet.
Raudbergsnuten sett frå sør (Nedre Tverrberget). Det går fint å ta seg opp renna heilt i høgre flanken av toppen dersom ein vel alternativ rute Valdresdalen- Vikadalsvatnet.

Det vart ein stopp på dei gamle stølstuftene der siste resten av nista vart fortært. Klokka var då 16:45. Tuftene ligg på 830 moh og vart nytta av Lægreidsbøndene heilt til det vart mangel på ved.

Det vart nokre småstopp for å "grapsa" i seg ein del av dei store saftfulle moltene på myrane ned mot den gamle stølen. Her hadde det vore fort gjort å fylla ei bøtte.

Det var bratt og vått vidare ned mot Melsetøynane. Vidare heimover Løstøynane, og det var kjekt å sjå dei gamle stølshusa på Løst då me kom fram på kanten over stølen. Her vart det ikkje stopp denne gongen, men me heldt fram til me var ved bilen ved innløpet til Steiggjetunnelen. Klokka var då 18:36.

Dette var ein lang men fantastisk tur som har stått på programmet i mange år.

Alternative ruter:

- Steiggjene-Løst-Raudbergsnuten.

- Sluten-Valdresdalen-Vikadalsvatnet-Raudbergsnuten. (evt. sykkel opp Valdresdalen).

Ansvar

Den som vil ut å gå i naturen må velja turar etter eiga evne, og dei har sjølv ansvar for eigen tryggleik på turane.

Til toppen