Helgaturen: Skitur til Bjørnaholten

Påska nærmar seg med stormskritt og i den femte utgåva av «Helgaturen» tek Jonny Asperheim oss med på ski til Bjørnaholten. 

  • Endret

Bjørnaholten er et populært turmål for alle aldersgrupper både sommar og vinter. Turmålet er lett tilgjengeleg frå Aosahytta på Seimsåsen. Her er stort sett romsleg parkeringsplass, sett vekk frå dei få dagane det vert arrangert skirenn der. 

Startpunktet

Frå Aosahytta slepp me oss ned bakken mot skistadion, og svingar opp til venstre rett før den siste vesle bakken. Her føl me vegen til endes, rundar opp på myra og tek fat på skogbeltet. Her kryssar me oss opp gjennom bjørkeskogen til ein kjem opp på brekket og landskapet opnar seg. Oppe ved den vesle tjørna, får ein augekontakt med dei mektige Hurrung-tindane i Vestjotunheimen. 

Her rundar me vestover og opp det naturlege søkket i terrenget og etter eit par kneikar  flatar det ut.

Her rundar me vestover og opp det naturlege søkket i terrenget og etter eit par kneikar  flatar det ut. Her gjer me ein diger høgresving og føl høgdene til me set kursen nord-nordaust mot varden og det geometriske fastpunktet på 1085 moh.

Heile traceen er stort sett den same som der stien går sommars dagen.

KART OVER TUREN: Statkart via Peakbook.org og påskrift av Jonny Asperheim
KART OVER TUREN: Statkart via Peakbook.org og påskrift av Jonny Asperheim

Oppe ved varden ser ein vidare nordover Skredenosi 1202 moh og til venstre for den, Vedabakknosi 1262 moh. 

Ein flott runde på ski er å gå vidare over desse punkta, for så å renna ned på Slettedalsvatnet og vidare ned langs Tverrelvi, heim forbi Nystølen og ned att Ofredalen til Åsete.

Men denne gongen nøyer me oss med Bjørnaholten.

Berre å sleppe seg utfor

Turen nedatt til Aosahytta er kjekk, særleg ovanfor skoggrensa. Litt fram og attende har det lett for å verta ned gjennom skogen, med nede på vegen er det berre å sleppa på. Då går det i eitt renn heilt ned til skistadion. 

Bjørnaholten er òg ein populær startplass for dei som køyrer "breidplank" (les Randonee-ski).  Masse spor ned gjennom skogane vitnar om at nokon har boltra seg i laussnøen heilt ned mot Åsetesvingen.

Til toppen