Helgaturen: Skitur til Stølsnøse

Sjølv om mange no ynskjer å finna fram turstøvlane for turar på bar mark, synest eg vårskiturane er utruleg flotte. 
Me tek difor nok ein skitur, denne gongen til Stølsnøse i nabokommunen Vang.

 

Turen starta frå Fv53 der gamle skiheisen ved Tyin Hotell stod. Dette er ein lett fin tur til eit fantastisk utsiktspunkt.

Strålande ver og føre gjorde turen opp til Galdstjernet til ein leik.Oppe på tjernet (1173), reiser Stølsnøset seg majestetisk rett framfor oss. Me skil lag med løypa som går mot Sletningsbu, via Gullringen og nedre Årdalsvatnet og kryssar tvers over tjernet i sør-vestleg retning.

KART: Statkart med påteikna GPS-track av Jonny Asperheim
KART: Statkart med påteikna GPS-track av Jonny Asperheim

Opp bakkane vart det sikk-sakkgåing. Her er det ferske spor etter breide ski i lange slake svingar og me er allereide no byrja å gleda oss til returen.

Vel oppe på ryggen flatar det noko ut og me legg kursen sør-austover. Det er masse spor etter hare og rev alle stader, men me lukkast ikkje å sjå nokre av desse flotte skapningane.

Me stoppar opp og speidar etter andre folk kringom i løypene samstundes med inntak av litt frukt. Ikkje så mange å sjå på ein så flott dag i påskehelga.

Snart hadde me varden på høgaste punktet i sikte.

Etter knapt ein og ein halv time var me framme ved målet.

Ved varden er det fri utsikt mot Filefjell, nedover Valdres, Tyinvatnet og langt vestover til Søreknipen og kjende årdalsfjell.

Starttidspunkt: 12:20

Galdstjørni: 12:37

På toppen: 13:47

Attende til Fv 53: 14:35

Til toppen