Helgaturen: Skjeltrene  

Denne gongen legg me "Helgaturen" til nabokommunane våre, Lærdal og Vang. Med utgangspunkt Filefjellet, er det mange flotte turalternativ å velja mellom. Eitt av dei er ein tur til Skjeltrene.
 

Skjeltrene er eit fjellparti på grensa mellom kommunane Lærdal og Vang, der høgaste punktet er 1396 moh og ligg så vidt inne i Vang kommune.

Turen starta ved grensestøtta på E16 mellom Oppland og Sogn og Fjordane og går på nordsida av dalføret. Ved grensestøtta er det bru over elva (Sula) og me kjem dessutan på “rett” side av elva Grøna i høve til turmålet.

Me fylgde ein bilveg så langt den gjekk og fortsette oppover i eit flott, artig terreng. Ei slett mark som skrådde fint oppover med ein open skog av fjellbjørk.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kart: Statkart via Peakbook med innlagt GPS-spor av J. Asperheim.
Kart: Statkart via Peakbook med innlagt GPS-spor av J. Asperheim.

På 1080 moh dukka det opp ei gamal tuft. Her fann me òg fin sti vidare oppover. Over skoggrensa vart det litt brattare. Stien delte seg på fleire stader, men me fylgde tett rundt austsida av 1311. Ei lita ur kombinert med ei snøfonn måtte forserast før me var oppe i søkket mellom 1311 og høgde 1240.

Vidare greitt opp ryggen i nordleg retning og etter kvart vestover på delvis ur og delvis vegetasjon til "trig.-punktet" på Skjeltrene. Så vidare til varden på det høgaste punktet.

Den store steinen som skulle stå på høgkant midt i varden var bikka over. Karin fekk han på plass og me sanka fleire steinar for å skora han betre opp.

På returen gjekk me om varden på 1311. Her var det kjempeflott panoramautsikt over heile Filefjell.

(Artikkelen held fram under biletet)

 

Returen gjekk via varden på høgde 1311
Returen gjekk via varden på høgde 1311

På turen attende fann me sjølvsagt stien vidare nedatt frå den gamle tufta. Han gjekk stort sett langs med elva Grøna heilt nedatt på flata i dalbotnen.

Me vil tilrå å bruka denne stien oppover òg då det var meir myrlendt den vegen me tok. Stien byrjar til høgre for den fyrste hytta (raudmåla) ein kjem til i starten på turen (sjå bilete). 

Ver merksam på at grunna vegarbeid på ny E16 over Filefjell, kan tilkomst og parkeringstilhøve skifta frå dag til dag. Men anleggsfolka er flinke å legga til rette og me har ikkje opplevt at avkøyrsler nokon gong har vore sperra.

God tur!

Til toppen