Helgaturen:  Skorsfjellet og Byttejuv

Skorsfjellet og framme på kanten av Byttejuvet er ein av dei store utsiktspunkta i Årdal kommune. Dersom du ikkje er ein av dei omlag 400 som har vore der før i sommar har du enno sjansen i løpet av ein fin haust.

Me skal i denne ”Helgaturen” skildra ein tur opp til dette flotte fjellet og til kanten av det "sagnomsuste"  juvet.

Mange har teke turen opp i sommar og berre på søndag 23.  august hadde over 50 personar skrive seg inn i boka på "Torastein", ein liten avstikkar frå hovudstien 1160moh. 

- Største problemet har no vorte mangel på bilparkeringsplassar,  seier Torgeir Jevnaker som saman med Øyvind Jevnaker har merka og skilta heile denne flotte turløypa.

Me startar turen i ”Strupesvingen” øvst i Seimsdalen. (Korleis du kjem deg dit er forklart i tekstboksen til høgre).

Her i denne hårnålssvingen er det plass til omlag 5-6 bilar.  Turen startar med ein liten stump bratt traktorveg eller ein ”mørdare-bakke” som eg vel å kalla det, før ein kjem inn på normal sti etter omlag 150 meter. 

Dette dalføret heiter Strupane. Me passerar Stupegarden (etter 300 meter), ein steinmur som tidlegare og hadde grind, og kjem fort opp der vegen tek av mot fjellstølen Skor etter 670 meters gange. (skilta)

 

Kart: Statkart via Peakbook.org med påteikning av GPS-spor og stadnamn (grøn skrift) av J. Asperheim.
Kart: Statkart via Peakbook.org med påteikning av GPS-spor og stadnamn (grøn skrift) av J. Asperheim.

Her tek me opp til høgre og det er litt bratt i byrjinga, men flatar litt ut og går i passande slynger. Etter ca 40 min. er me oppe på fjellstølen Skor. Dei to stølshusa er halde i god stand og høyrer no til garden Asperheim.

Det er naturleg med ein liten stopp her for å nyta utsikta og få i seg litt drikke.

Stien held fram opp bakkane 50 meter aust for sela. (der skilt og postkasse står).

Retninga er nord-aust. Det vert litt bratt på ny oppover til me er oppe på ca 1000 meters høgd der det flatar noko ut. Me er no komne over skoggrensa og stien er  framleis tydleg og godt merka oppover. Me kjem vidare opp til ei ur og kryssar ho på skrå oppover til venstre og kjem opp til ein større varde.

Her kan ein ta runden om Torastein.
Her kan ein ta runden om Torastein.

Her, ved 1160 moh er eit vegdele der ein kan ta turen om ”Torastein”.  Dette er ei stor steinblokk som eit lynnedslag eingong har delt i to. Etter besøket på Torastein og innskriving i boka der tek me sør-vestover opp bakkane for å koma inn att på hovudstien.  Deretter ber det rett opp bakkane mot høgaste punktet og den store varden på Skorsfjellet, 1322moh.

Kanten på sjølve Byttejuvet ligg omlag 650 meter i luftline nord-nordaust for varden.

Dersom ein dristar seg ned på kanten får ein eit enormt utsyn mot Øvre Årdal, Årdalsvatnet, Eldegarden, Løst og Fossdalen, Raudbergsnuten og alle fjella vidare vestover. I nord-aust ligg Hurrungane og badar seg i sola.

 

Segner om Byttejuv

Tvers over fjellnasen sør for Byttejuvet går det ein loddrett sprekk minst 200 meter nedover i fjellet. Det er fleire segner om at fjellnasen skal rasa ut og ei flodbylgje skal legga øyde alt nede på Farnes. Det vart sagt at ”når det lyser frå Heirsnosi skal Byttejuv ramla ned”. Dette vart tolka på den måten at når kraftutbygginga kom og ein fekk straum og lys frå Heirsnosi, skulle raset koma.

Eit anna segn lydde ” Når kyrkjeklokkene fyrste gongen ringer på Farnes, skal det rasa i Byttejuv”.  Det var ikkje før i 1970 at kyrkjeklokkene ringde for fyrste gong på Farnes men dei eldste årdølene hadde sikkert det gamle sagnet i minne den dagen. Klokkene ringde men raset kom ikkje.

 

Måleboltar i fjellet

Ut frå sprekken i fjellet og kanskje ut få segnene slo overingeniør Nygaard ved Tyinfaldene AS ned to sett med stålboltar på begge sider av sprekken. Dette var ikring 1937. I 1957 kom Lauritz Bjerrum frå Norges geotekniske institutt på synfaring. Han gjorde målingar og desse synte ikkje nokon skilnad i høve til  det Nygaard hadde målt 20 år før. Målingane vart avslutta men boltane står det framleis. (Kjelde: Bygdeboka band 1, side 40)

Ivar syner oss kvar to av boltane står. Bergsprekken går under venstre foten hans.
Ivar syner oss kvar to av boltane står. Bergsprekken går under venstre foten hans.
Til toppen