Helgaturen: "Sletterustnosi"

Ja, no kan du lura. Sletterustnosi finn du ikkje på noko kart, men i mangel av namn, har eg heilt uoffisielt gitt det 1466 meter høge grensefjellet namnet Sletterustnosi. På toppen av nosi kan du stå med ein fot i Årdal og ein fot i Vang.

Kart: Statkart med innlagt GPS-spor til "Sletterustnosi" av J. Asperheim. Peakbook.org har kalla toppen for Sletterustvatnet SørØst som me ser.
Kart: Statkart med innlagt GPS-spor til "Sletterustnosi" av J. Asperheim. Peakbook.org har kalla toppen for Sletterustvatnet SørØst som me ser.

Turfylgjet (Karin og eg) starta ved gamle "Damvoktarboligen" på Sletterust. Her går me eit lite stykke etter bilvegen retning aust-sørsaust. Etter ca 450 meter finn du DNT-merka sti som tek opp til høgre. Stien går nesten i rett line med fin stigning oppover dalsida til rett vest for høgde 1187. Her flatar terrenget enno litt meir ut.

Midt oppe på "bandet", før det byrjar å hella nedover mot Grønevatnet, legg me om kursen og legg bak oss den merka stien.

No er det berre å finna den greiaste løypa i det opne terrenget. Det vert litt oppover og nedover på tvers av nokre små dalsøkk før det byrjar å stiga jamt oppover mot toppen. Frå staden der me tok av frå stien er kursen rett mot toppen ca. 200 grader på kompasset.

No dukkar dei tre høgdene sør for Slettningsegge opp, og me ser stadig meir av dei store viddene kring oss. Me passerar ein liten steinmur, mest truleg oppmura av jegrar for å få ly for veret.

Oppover bakkane dreg me nytte av fleire snøfenner. Passe harde og fine å gå på.

Sletterustvatnet kjem til syne ned til høgre. Det ligg framleis att litt is i kantane på vatnet.

Nedre Smeddalsvatnet kjem til syne langt der nede til venstre der vegarbeidet på E16 går for fullt.

Me kjem opp på nosi litt vest for toppen og føl ryggen opp til den vesle varden. Det er flott utsyn herifrå sørover mot Grønevatnet og austover mot Svarteknippa og Slettningsegge. Skydekket har senka seg litt nedover Søreknipen og Graveskarnosi i nord, men i vest augnar me både Biskopsnosi, Krekahøgdi og Krekanosi bak i disen.

På attendeturen trakka me mest på tre ryper. Dei hadde god tid og vralta rett føre oss eit godt stykke. No vart det matpause samstundes som me betrakta dei fine fuglane.

Me fylgde stort sett same sporet nedover att, og etter knappe fire timar var me attende til "Damvoktaren" og til bilen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Heiloen som sat på den vesle myra tett ved vegen ynskte oss både god tur og velkomen nedatt.

Flott og høvesvis lett tur i herleg terreng. Litt grått "fotovêr", men me slapp unna regnet.

Til toppen