Helgaturen: Tangen på Kanten

Helgaturen: Tangen på Kanten

Tangen på kanten er ei lokal turløype på Årdalstangen med start og mål på rådhusplassen.

Løypa er frå våren 2016 teken i bruk til terrengløp i samband med Fjord til Fjell-arrangementet og i dette høve fått namnet «Tangen på Kanten». (Også kalla «Ring 3»)

Skildring av løypetraseen

Løypa startar på rådhusplassen. Med ansiktet vendt mot sjøen, tek ein til høgre og over Hæreidsbrui. Ta svakt venstre etter brua og opp bakken til krysset mot Seimsdalen. Ta til høgre her- vidare opp ca 100 meter til neste kryss der ein tek til venstre og kjem inn i ein slakk høgrekurve. Når det flatar ut, tek ein til venstre inn i Ltn. Lems veg. Etter ca 50 meter vert det ein brå venstresving og inn på grusvegen opp til rasvollen. Her går løypa heilt opp til enden på rasvollen der gjerdet byrjar, så ein nesten 180 graders høgresving og ein er inne på rasvollen.

Her er det tydleg sti heile vegen over Hæreid, forbi turposten til Årdal Turlag (registreringsbok for turgåarar). Vidare over Lysa (bekk) og rett fram forbi eit lagerområde.  Ein passerar eit par grindar under vegs. Det er viktig at desse vert attletne slik at ikkje evt. beitande sauer kjem på ville vegar.

Ein passerar Øvre Vollene og skule- og idrettsanlegget før stien rundar ned til høgre over ei opa slette med lavvo og bålplass. Her tek ein inn i skogen til venstre for bålplassen og føl stien bratt ned til traktorveg der ein tek til høgre. Vidare langs ei garasjerekka og bort til-  og over Jernbanebrui.

Løypekart: Statkart via peakpook.org med påteikning av GPS-track og endring av farge på fylkesveg av Jonny Asperheim
Løypekart: Statkart via peakpook.org med påteikning av GPS-track og endring av farge på fylkesveg av Jonny Asperheim

Rett fram etter brua og opp bakken til venstre. Ta til venstre 5 meter frå fylkesvegen og inn på grussti. Litt lenger framme kryssar ein Fv53 på gangfelt og tek til venstre. Ved enden av vegen ta rett høgre og opp på rasvollen. Føl denne til møte med asfaltveg. Etter 20 meter på asfalt tek ein til venstre og deretter rett høgre og opp skogen

Vidare 50 meter opp til garasje. Ta til høgre og deretter til venstre etter nokre få meter. Vidare går løypa under høgspentlina til høgaste punktet ca 142 moh. med utsikt over sentrum og utover sjøen.

Her svingar løypa ned til høgre, passerar etter kvart vassbassenget, og deretter ned ein liten bakke og tvert venstre ned ein gangveg. Føl asfaltvegen i slakk høgresving til midten av svingen. Ta deretter inn til venstre mellom to bustadtomtar. Ved enden av tomtane et der rett høgre att og nedover i småskog til ei stor slette.

Vidare tvers over sletta bort til Langvollvegen. Her tek ein rett venstre ned ein asfaltert gangveg og kjem ned i enden av vegen Storehagen. Her går løypa til venstre, på sti som fører i ein høgresving ned i Lægreidsvegen og vidare langs Fv53 mot rundkøyringa. Vidare gjennom undergangen under rundkøyringa og ned bakken mot Røyrbrui.

Til venstre rett før Røyrbrui og vidare på grusveg langs elva. Ved enden av kyrkjegarden føl ein den breie vegen til venstre og opp på fortauet langs med Tangevegen. Rett nedover mot sentrum og til høgre ved bankbygget. Vidare rett fram mot rådhusplassen, og du er attende til utgangspunktet og i mål på «Tangen på Kanten». God tur!   

Til toppen